Lerum Cup

- cupeventyret i Sogn!

Lerum Cup har vakse fram som ei av dei største turneringane på Vestlandet, med nærare 300 lag og 4000 deltakarar årleg. Deltakarane er 10-14 år og kjem frå både aust og vest i landet. Lerum Cup går av stabelen i slutten av juni kvart år, og det blir spelt kampar i Hafslo, Sogndal, Kaupanger og i Gaupne.

Cup eventyret i Indre Sogn har eksistert sidan 1989. Få visste den gang at turneringa skulle vekse i eit slikt omfang turneringa framstår som i dag. Eventyret starta med primus motor Lasse Opseth, turneringa talde 28 lag første året ,og namnet var Sognefjord BT cup. Igjennom åra har både cup namn og cup leiarar blitt endra.

Lerum har vore delaktig sidan 1994, men namnet Lerum Cup kom først i 2012.

Lerum Cup er ei turnering der Sogndal Fotball spelar på lag med naboklubbane Hafslo IL, Bjørn IL og Kaupanger IL. Fleire hundre frivillige stiller årleg opp for å gje både deltakarar og foreldre eit minne for livet.

Gå til Lerumcup si heimeside her!

Annonse fra Obos-ligaen: