Vik G9 Draumedag

Vik G9 fekk ein draumedag

Gutelaget frå Vik vann ein draumedag med Sogndal Fotball

- Det beste med å spele fotball er at det er ein lagidrett, var det klare svaret frå Vik G9 då dei var på besøk hjå oss.


I vår arrangerte me ein konkurranse der Norsk Tipping, P4, Norsk Toppfotball og NFF ville tilby familien, vennegjengen eller laget i regionen ein draumedag saman med sitt favorittlag i Tippeligaen. Vik G9 vart den heldige vinnaren av ein dag saman med heile Sogndal Fotball.

Gutane i frå Vik hadde gleda seg svært til å treffe alle A-lagsspelarane, og dette var tydeleg stas. 

- Det er alltid kjekt å få besøk av unge lovande i frå lokalmiljøet. Me håper at dette kan vere ein dag som er inspirerande for dei, seier Eirik Skaasheim. 

Og talenta i frå Vik kunne vise fram både små frekke finter og gode skot. På bana var det stor iver og aktivitet. Latteren og smila satt lett denne dagen, og både små og store koste seg i lag.

Sjå film frå dagen øvst i artikkelen.

Takk for ein flott dag Vik G9! SNP

Vik G9 Draumedag
Vik G9 Draumedag

Foto: Toril Walker Norheim

Annonse fra Obos-ligaen: