Sogndal United

Fotball for alle 2015

Flott samling med Sogndal United i helga

Laurdag 6.6.15 var vi samla ein fin gjeng med fotballspelarar til treningssamling i Sognahallen. Det var stor stas då tre A-lags spelarar kom innom for å helse på gjengen, Eirik Skaasheim, Mathias Dyngeland og Edin Øy kom innom rett før dei skulle i aksjon for Sogndal 2.

Det vart gjennomført ei god treningsøkt med teknikktrening, skot-trening og 3 kampar. Kampane inneheld mykje godt spel av gjengen og vi avslutta dagensøkt med straffekonk.

Denne gangen kom spelarane frå Førde, Jølster, Vik og Stryn og samlinga vart arr i godt samarbeid mellom Sogndal United og Anders Vibust i Sogn og Fjordane Fotballkrets.  

Dette var ei fin gjennomkøyring fram mot haustens store mål, Landsturneringen på Lillehammer i september:-) 

Annonse fra Obos-ligaen: