Vassenden Skule4

Guttane ute på oppdrag!

Flo, Grodås og Bø besøkte i går Vassenden Skule og Førde Akademiet

Fredrik Flo, Victor Grodås, Håvard Øygarden og Marius Bø var i går på besøk hos Vassenden Skule og Førde Akademiet. BOB med Liv Judit Straume i spissen var initiativtakar til besøket.

- Samarbeidsavtalen BOB har med Sogndal Fotball gjorde dette besøket mogleg. Eg las artikkelen om Johannes Sunde Farsund i Firda 6. februar, og blei svært rørt av hans historie. Utrolig flott av me får til dette, og besøket i går var stor stas, fortel Straume.

Les Johannes si historie på Firda

Gutane starta dagen med eit overraskelsesbesøk på Vassenden Skule. Her blei dei tatt dei tatt godt i mot av 9-ene klassingane og ein blid Johannes Sunde Fardal. 

Johannes er en inspirasjon til oss alle, for ein tøffing, fortel Fredrik Flo.

- Det er veldig givande å få ta del i slike besøk. Johannes er en inspirasjon til oss alle, for ein tøffing, fortel Fredrik Flo.

Det var god stemning i klasserommet når gutane kom. Johannes fekk seg ei signert fotball drakt, og klassekameratane fekk seg Sogndal Fotball caps og BOB t-skjorter. Straume fortel at dette er ein svært fotball interessert klasse, og dei har et særdeles godt samhald.

- Det er ein nøgd gjeng me besøkte. Det er kjekt å komme tett på og ta del i fotballgleda til elevane, seier Marius Bø.

Artikkelen held fram etter bilete

Johannes Sunde Farsund Vassenden Skule
Johannes Sunde Farsund Vassenden Skule

Johannes Sunde Farsund er godt nøgd med signert drakt frå Sogndal Fotball

Fredrik Victor Marius BOB
Fredrik Victor Marius BOB
Sponsor på laget BOB
Sponsor på laget BOB

Victor Grodås, Liv Judit Straume, Johannes Sunde Farsund og Fredrik Flo

Etter skulebesøket tok gutane turen til Akademiet i Førde. Her var dei både med å spela fotball, viste fram nokre triks og kom med gode tips. Victor Grodås haldt praten godt i gong med laga som hadde pause på sidelinja. 

Flotte forbilder!

- Besøket frå Sogndal Fotball var ei svært positiv oppleving for alle som deltok. Gutane var flinke til å engasjera utøvarane og framstod som flotte forbilder. Det var spesielt artig å sjå kor engasjert Håvard Øygarden var, då han spela fotball med jentene. Heile dagen har vært litt av ein suksess, fortel ei blid Liv Judit Straume frå BOB.

 

Annonse fra Obos-ligaen: