04.06.2012 - 13:47 ( Last updated 21.12.2012 - 09:32 ) - Eldar Skjeldestad Åsebø
Akademiet startar igjen i veke 3
I veke 3 startar akademiet opp att for alle jenter og gutar født frå 2002 til 1997.
Treningane vil vere i Sognahallen, og vil bli leda av instruktørar frå Sogndal Fotball.
Påmelding her.
Keeperakademiet (2002 og eldre)
Mandag frå kl.07:10-08:15 (oppmøte 5 min før oppsatt tid). Ein nyttar same betaling og påmeldingslink som utespelararane. I prisen ligg ei trening i veka i heile akademiperioden, det vil seie fram til april. Nye deltakarar kan melde seg på her.
Født 2002-2000
Mandag og onsdagar frå kl.07:10-08:15.(oppmøte 5 min før oppsatt tid)
Født 1999-1997
Tysdagar og torsdagar frå kl. 07:10-08:15.(oppmøte 5 min før oppsatt tid)
Kvifor Akademi?
Sogndal Fotball ynskjer å gi eit tilbod for dei som vil trene meir fotball. Treningane held fokus på utvikling av individuelle tekniske og taktiske ferdigheiter. Dette er eit tilbod for alle gutar og jenter i alderen 10-16 år. Akademiet er eit eige tiltak, på sida av aldersfastlagt fotball. Akademiet er organisert i to grupper, gutar/jenter 10-13 år og gutar/jenter 14-16 år.
Mål
Langsiktig utvikling av tekniske fotballferdigheiter i eit læringsmiljø som fremjar interesse, haldningar og motivasjon til vidare utvikling.
Viktig
Akademiet er eit supplement til ordinære fotballtreningar. Det er heller ikkje meininga at akademiet skal skyve vekk andre aktivitetar ungane er opptekne av. Difor er desse treningstidene lagt der det er få andre aktivitetar.
Praktisk informasjon
Oppstart for kull 2002-2000 og keeperane er mandag 14.01, medan 1999-1997 startar tysdag 15.01. Akademiet held på t.o.m veke 12. Alle deltakarar tek med seg eigen ball på akademiøktene, og stiller i utlevert tøy. Vi oppfordrar alle til å ta med seg ekstra nistepakke på dei dagane det er trening på akademiet. I vinterferien vert det ingen akademiaktivitet.
Påmelding og betaling på nett. Påmeldingsavgift er 990 kroner for tidlegare deltakarar (haust 2012) og 1290 kroner for nye deltakarar. Akademipakka innheld 2 treningar i veka t.o.m veke 12, drikke og drikkeyougurt etter øktene, samt akademitøy(for nye deltakarar).

