Billettsalet til kampen mot Molde når nye høgder
15.05.2012 - 10:56 ( Last updated 04.06.2012 - 14:18 )
Ver tidleg ute om du skal ha gode plassar til laurdagens kveldskamp mot Molde!
Førstkommande laurdag spelar me toppkamp mot fjorårets seriemeistar Molde FK.
Kampen blir spelt klokka 20:00, og billettsalet til kampen har allereie teke av.
Her kan du kjøpa billettar til kampen 28. april klokka 2000.
- Etter 2-0 sigeren over Vålerenga merka me ein sterk aukning i sal av billettar til kveldskampen mot Even Hovland & Co. Me anbefalar folk om å fortsetta å kjøpa billettar til kampen på nett, og dermed sikra seg dei beste plassane, samt spara seg for køen utanfor stadion før kamp, seier Eldar Skjeldestad Åsebø til sogndalfotball.no
Forhåndsalet på nett har nesten nådd same høgder som fjorårets rivalkamp mot Brann då over 5000 tilskodarar gjesta Fosshaugane Campus.
- Fjorårets totale forhåndsal av billettar til tilsvarande kamp mot Molde har me allereie passert, noko som gjev ein indikasjon på att det kan bli mange folk på kamp laurdag, avsluttar Åsebø.
Klikk deg inn her for å sikra deg dei gode plassane til kampen mot laget frå rosenes by. Skriv ut billettene heima for å sleppa køen før kampdag.

