Billettsal Sogndal - Viking
15.05.2012 - 12:00
Viking FK med Åge Hareide i spissen kjem på besøk. Kjem du òg?
Førstkommande søndag klokka 1800 tek me i mot Viking FK. Siddisane kjem frå ein 0-0 kamp mot Brann, og er akkurat no på ein 11. plass i Tippeligaen.
Med eit gjennomsnitt på tre mål i kvar kamp på dei 33 kampane me har spelt mot dei, så tyder det på fartsfyllte oppgjer tidlegare i sesongane. Kanskje me får masse mål no òg?
Billettane til kampen mot Åge Hareide`s menn førstkommande søndag klokka 1800 er lagt ut for sal. Billettane kan kjøpast og printast ut heime ved å besøka vår billettside.
Minner også om vårt familiekonsept der det går an å kjøpa billettpakkar til gunstige prisar:
"Familiepakker!
På vårt nye familiekonsept tilbyr me billettpakker til gunstige prisar på vår nye fylkestribune!
Ved kjøp av 3eller fleire billettar (min. 1barn) får ein billettane til 100kr/stk.
Billettane kan diverre ikkje kjøpast på nett, men du kan reservere billettar slik:
Send kodeord FAMILIE [mellomrom] ditt namn og antal billettar til 2229! Du vil då få ein sms om korleis du hentar & betalar dine billettar ved ankomst stadion på kampdag.
Velkomen til Fosshaugane Campus!"
Hugs også Brann - Sogndal 16. mai. For billettinformasjon, les meir her.

