Sesongkort 2023

Spenning, nerver, drama og tøffe kampar - Bli med på laget!

Me er klare til ny sesong i OBOS-ligaen på Fosshaugane Campus.

Kjøp sesongkort for 2023 her

Me har ein sesong i vente med tøffe oppgjer, knallharde taklingar og mange utfordringar. Klubben lovar å jobbe beinhardt, og me ynskjer å ha DEG med på laget.

Allereie 11. mars møter me Lillestrøm i NM 4. runde på Fosshaugane Campus. I år inkluderer me alle NM-kampar i seongkortet. 

Bli med på vegen til Ullevaal!

I starten av april startar seriespelet opp og  då ønskjer me å gjera Fosshaugane Campus til eit fort motstandarane skal frykta! Sogndal Fotball treng den ekstra energien det gjev at du blir med på laget. Lat oss saman skape magiske augneblikk og gode opplevingar.

Her er terminlista for 2023

Kjøp sesongkort 2023 og ta del i spenninga på stadion. 

Hadde du sesongkort i 2022?
Alle som har hatt sesongkort i 2022 vil motta ein fornyingsmail/sms frå TicketCo. Ved å klikka på vedlagt link i mailen kan ein enkelt fornya sitt sesongkortsete.

Om du ikkje har motteke denne så ta kontakt med [email protected] - ta med namnet du er registrert på og plassane du har hatt. Det same gjeld om du ønskjer å byta plassar e.l.

Kjøp sesongkort for 2023 her

Prisane blir ikkje endra i 2023 på nokon av korta

Familiepakke

1. Ved kjøp av 3 eller flere sesongkort av typen "Familiepakke Sparebanken Vest tribuna" får du 1000,- kroner i rabatt pr. sesongkort.

Nytt i 2023:

1. Sesongkortet inkluderer også alle kampar i NM 2023.

2. Eige sesongkort-felt for studentar/ungdom. (Lerum Kortside).

3. Same pris på alle felt på Fylkestribuna,unntatt sesongkort for Juniorsvingen(eige kort og pris).

Diverse informasjon:
Vaksen frå fylte 16 år
Barn tom 15 år
Honnør - bevis må kunne framvisast ved kontroll
Student - studentbevis må kunne framvisast ved kontroll
Ledsager - ledsagerbevis må kunne framvisast ved kontroll
Barn under 3 år GRATIS på fanget til betalande vaksen (Ein må betala frå det året ein fyllar 4 år)

Kjøp sesongkort for 2023 her

Annonse fra Obos-ligaen: