
Spennande sesong i vente!
Sogndal 2 med serieopning på sundag
Sundag klokka 13.00 brakar det laust i ein hyggeleg bydel i Stavanger: Det er seriestart mellom Vardeneset og Sogndal 2.
- Dette er ein veldig kjekk gruppe å vera trenar for, seier ein spent og optimistisk trenar Håvard Hatle før seriestarten.
Ung gjeng
Sidan oppstarten i januar har gruppa no satt seg. Det er ein ung, men godt trent gjeng som møter opp til kamp på sundag.
Troppen består av ein del fleire spelarar med eit godt potensiale.
- Dei er veldig "på" og har lyst til å bli betre fotballspelarar, treningsviljen er stor i denne gjengen, seier sjefen, som so langt er veldig godt nøgd med gruppa.

Bra støtteapparat
Det er eit tett samarbeid mellom A-laget og Sogndal 2. Eirik Bakke og Terje Skjeldestad føl godt med på kva som skjer, og fjorårets trenar Rune Bolseth har hyppig dialog med Hatle.
Når det gjeld det teamet som jobbar tett med gutane, har me bra folk med oss.
Håvard er raus med skryt til fysisk trenar Arne Hånes.
- Arne har gjort ein kjempejobb med den fysiske treninga, og me skal vera godt førebudde på den fysisk krevjande divisjonen me skal inn i. Sjølv om gutane våre er veldig unge samanlikna med andre lag sine spelarar, er me godt fysisk rusta til det som ventar oss.
Med i trenarapparatet er óg assistenttrenar Sondre Skrede.
- Sondre er ein av dei beste i landet på fotballanalyse, og er ein fantastisk ressurs både for oss andre i trenarteamet, men også for spelarane. Han gjer ein strålande jobb med den taktiske delen av spelet vårt, fortel Håvard.
Elles består trenarteamet av keepertrenar Kåre Rutlin, som har vore med ei årrekkje og er ein erfaren og god mann å ha med.
- Dei viktigaste me har med i støtteapparatet er nok Joar Solberg og Peter Sundberg som lagleiarar! Joar og Peter legg alt til rette for oss, og held humøret oppe når det trengs. Me er heldige som har to slike med på laget, seier Håvard.

Todelt ambisjonsivå
Ein hovudambisjon med Sogndal 2 er å rekruttera spelarar opp til A-laget. Allreie før sesongstart har Hatle og kompani sett at ein spelar har teke steget opp.
- Me håpar at dei unge gutane ser at det nyttar å stå på og jobba hardt, når dei ser at spelarar som Johan Hove, Ulrik Fredriksen og no sist Sixten Jensen alle har vore ein del av Sogndal 2 før dei får A-kontrakt.
- Dette er ein utviklingsarena, og eg håpar at me i løpet av året skal senda fleire spelarar opp i A-stallen. Det er eit langt steg opp, men med hardt og målretta arbeid er det mogleg, seier Håvard, og legg til at fleire av gutane hans har fått prøvd seg på A-laget i vinter både gjennom trening og kamp.
- Denne hospiteringa er veldig viktig og inspirerande for gutane, seier Håvard.
Ambisjonen for laget er å etablera seg i divisjonen, bita frå seg og gi gutane positive erfaringar og opplevingar.
- Me møter mange gode lag i år, og dette er ein flott moglegheit for denne unge gjengen til å utvikla seg som fotballspelarar i møte med desse andre gode spelarane, seier Håvard Hatle.

Nye bekjentskap
I årets sesong skal me ein del turar til Hordaland og Rogaland, og det er berre Førde og Sogndal 2 som er frå Sogn og Fjordane.
- Det blir spennande å møta desse laga, då det er lag Sogndal 2 ikkje har spelt mot tidlegare.
Dette er laga Hatle sine gutar skal spela mot: Brodd, Vardeneset og Viking 2 frå Stavanger, Brann 2, Fana, Fyllingsdalen, Tertnes og Varegg frå Bergen, Lysekloster, Sotra, Stord og Øystese frå Hordaland og Førde.
Kampkvardagen
Det vil som regel vera med nokre spelarar frå A-laget, noko som er mest ein styrke og ein inspirasjon.
- Det er positivt å ha med A-lagsspelarar då desse vil vera ein referanse for dei unge gutane våre når det gjeld kva nivå ein bør vera på, seier Hatle.
Gler seg masse
- Ei lang sesongoppkøyring er no over, no startar kampen om poeng, og det er då me likar oss best. Eg gler meg masse til sesongen endeleg er i gong, seier ein optimistisk Håvard Hatle før avreise til Stavanger.
