Akor ute i tre månader

Spissen har ein skade i ryggen

Akor Adams er diverre ute i minst tre månader med ein lei ryggskade.

Dette er ein strek i rekninga for trenar Eirik Bakke.

- Med Akor ute, mistar me ein viktig spelar, så dette er veldig kjedeleg, både for laget og ikkje minst guten sjølv, seier Bakke.

- Akor spelte alt av kampar i oppkøyringa til sesongen, dette skulle vera året hans. No skal me ta godt vare på han og sørga for at han får god hjelp med å bli frisk, seier Bakke.

Me traff Akor og fysioterapeut Sondre Sjøgren Jakobsen på behandlingsrommet. Som alltid var Akor audmjuk og reflektert.

Akor og Sondre går gjennom treningsopplegget
Akor og Sondre går gjennom treningsopplegget

- Uansett kva som skjer så takkar eg Gud. No må eg vera positiv og gjera det fysioen seier.

Skaden var ikkje heilt det Akor hadde sett for seg i år.

- Det er jo kjedeleg både for meg og for gruppa, men det er bra at me fann ut tidleg kva som var gale, seier Akor.

- Spelaren har hatt ryggplagar ei stund no, og me foretok ei MR-undersøkelse. Den viste oss ein skade i ryggen som ein må ta hensyn til, seier Jakobsen.

- Akor treng å vera tolmodig no, og trena seg sakte oppatt. Samstundes må han la ryggen få nok kvile, seier Jakobsen.

- Eg håpar at Akor får bli med og bidra mot slutten av sesongen, eg ser fram til å sjå han på bana i kvitedrakta att, avsluttar Eirik Bakke.

- Eg er snart tilbake, smiler Akor.

Me ynskjer Akor god betring!
Me ynskjer Akor god betring!

 

Annonse fra Obos-ligaen: