Sesongkort i Juniorsvingen

For jenter og gutar i alderen 6-13 år - Bli med!

Juniorsvingen har vore eit flott tiltak som me no ynskjer å byggje vidare.

Framfor sesongen 2022 vil me tilby gutar/jenter i alderen 6-13 år sesongkort for kun 500.- på Felt S, T, U og V.

Primus motor for Juniorsvingen Tonje Norheim Tangerud har skapt noko veldig flott med Juniorsvingen.

Med eigne felt og sesongkort på Fylkestribuna til ein meget god pris håpar me at endå fleire ungar ynskjer å kome på våre heimekampar i 2022.

Annonse fra Obos-ligaen: