Treningskamp mot Molde i dag klokka 12.00

Her er laget, og info om korleis du kan sjå kampen

Sesongen fekk ein bråstopp med koronapandemien, og ikkje sidan 9. mars då me spelte 2-2 mot Mjøndalen, har karane våre spelt fotballkamp.

På måndag denne veka hadde me vår første skikkelege fotballtrening med kontakt sidan treningskvardagen brått vart endra, og allereie i dag møter me fjorårets vinnar av Eliteserien i Molde til treningskamp.

Karane reiste oppover i går under eit strengt regime med tanke på smittevern. Det er ein begrensa tropp som har reist med bussen, og karane har budd på einerom på hotell.

Det er kun personar som er nødvendige for aviklinga av treningskampen som får tilgang: Spelarar, trenarar, støtteapparat og dommarar.  Antall personer til stades må ikkje oversiga 50 personar.  Dette i tråd med smittevernsreglane, som er er gjeldande frå NFFs treningsprotokoll no under koronapandemien.

Det vil sei at ingen frå media er på kampen, og den går utan publikum.

Molde har i lag med lokalavisa sørga for at kampen streamast direkte på RBnett.no. Tilgang må kjøpast.

Her er laget me startar med:

Håvard Hetle, Eirik Lereng, Igoh Ogbu, Axel Kryger, Andreas Hoven, Tomas Totland, Sivert Mannsverk, Mathias Blårud, Kristoffer Hoven, Akor og Badou,

På benken er Daniel Eid, Endre Kupen, Sixten Jensen, Per Magnus Steiring og Tobias Bjørnebye

Avspark er klokka 12.00 på Aker Stadion

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: