Lagre sesongkortet ditt på mobilen

Er du ein av våre mange billettkjøparar som nyttar Smarttelefon? Då vil me sterkt anbefale at du nyttar Wallet-billettar frå TicketCo.

Brukar du Android er det heller ikkje noko problem å nytta Wallet-billettar frå TicketCo. Du finn informasjon om passbook i Android lengre nede i denne artikkelen.

Kva er fordelen med å bruke Wallet i forhold til å oppbevara billetten på e-post?

Wallet er ein app som Apple har laga til iPhone. Appen gjer at du kan oppbevara billettar, kupongar og kredittkort (Apple Pay) i appen.

Fordelen for deg som har kjøpt ein billett er at du:

- slepp å leite etter e-posten du mottok med billetten. Du har billetten trygt oppbevart i Wallet appen der den er lett tilgjengelig til ei kvar tid.

- billetten din vil bli vist på din låste skjerm 30 minuttar før arrangementet startar. Sveip over meldinga som er på skjermen og billetten vil visast.

- du treng ikkje å printe ut billetten og er med på å spare miljøet.

Når billetten skal brukast vil arrangøren normalt skanna QR koden som ligg i Wallet-billetten. Ha difor klar din billett i god tid før du kjem fram til innsjekkingspunktet på arrangementet der billettsjekk føregår.

Når du er iPhone bruker:

Wallet appen er ein fast del av iPhone systemet og du treng ikkje laste ned, og installere nokon app for å bruke Passbook-billettar frå TicketCo.

Alt du treng å gjere når du mottek ein billett på e-post frå TicketCo er å klikke på Wallet vedlegget som fylgjer med i e-posten.

Under ser du eit døme på kor du finn W-billetten i e-posten.

IMG_3651

Når du klikker på vedlegget så vil TicketCo billetten bli vist slik:

IMG_3655

Du har no billetten din frå TicketCo lett tilgjengeleg når du skal inn på arrangementet du har kjøpt billett til :)

Android Bruker:

Nyttar du ein smarttelefon frå Samsung, Sony, HTC eller liknande så kan du, utan problem, nytte Passbook billettar frå TicketCo. Passbook er ein billetteknologi som Apple har laga til iPhone, men det fins fleire appar i Google Play som du kan nytta til å oppbevare Passbook-billettar i.

Me har testa fleire av desse og vil anbefale deg som brukar ein Android telefon å nytta appen WalletPasses. 

passes

WalletPasses er gratis å lasta ned og gjer akkurat det den skal: oppbevare billettar og kupongar på telefonen din. Den vil også vise deg billetten på din låste skjerm rett før du skal bruke den eller når du nærmar deg området der billetten skal brukast.

Å leggje til Passbook-billetten frå TicketCo er heilt identisk med  korleis det fungerer på ein iPhone. Så last ned Passes til din Android telefon idag og gjer billettbruken din enklare og betre.

WalletPasses til din Android telefon finn du her:

WalletPasses for Android i Google Play

Annonse fra Obos-ligaen: