Slik fornyar du ditt sesongkort for 2026

Velkomen til Fosshaugane Campus!

Slik fornyar du sesongkortet digitalt
Dersom du har hatt sesongkort i 2025 skal du ha fått tilsendt ein e-post med ein eigen link du må nytta for fornying. 
Klikk på lenkja og følg dei enkle stega for å fornye sesongkortet ditt. Frist for å fornye sesongkortet er 1. februar 2026. Etter dette kan andre kjøpe ditt sete.

Har du ikkje e-post frå Ticketco?
Send ei melding eller ein e-post til Ørjan Hjellhaug!

Byte sete?
Dersom du har funne eit ledig sete som du ynskjer å byte til, så kan du sikra deg denne plassen sjølv. Kjøp det ynskja setet direkte gjennom billettsystemet og setet er sikra. Ein treng då ikkje nytte seg av fornyingslinken tilsendt på e-post.

Dersom det ikkje er ledige seter der du ynskjer å sitte, må du først fornye sesongkortet ditt og deretter melde inn ynskje om byte av plass til [email protected].

Kjøp sesongkort 2026 her!

Annonse fra Obos-ligaen: