Dugnad/Frivillig arbeid

Som ein del av Sogndal Fotball følgjer det også med dugnad og frivillig arbeid for klubben

Alle lag i breiddefotballen bidreg med dugnad og frivillig arbeid for klubben. Gjennom året blir det arrangert mange store arrangement som t.d Lerum Cup, Kiwi Bama Cup og sjølvsagt alle dei 15 heimekampane i seriespelet for A-laget. 

Dugnadsinnsatsen er heilt avgjerande for klubben, og me set stor pris på alle timane som blir lagt ned. Innsatsen frå dei ulike laga fører til at ein kan halde treningsavgifta lågare, og at ein i større grad får tilgang til fasilitetane me har på Fosshaugane Campus.

Lagleiar i kvart lag vil få tilsendt informasjon om dugnad gjennom sesongen. Allereie tidleg på året byrjar arbeidet med å fordele dugnad under heimekampane til A-laget. Lagleiar vil då ha ansvar for å formidle informasjonen vidare til sitt lag, og sørge for at alle dugnadsvakter er fylte. Om ein ikkje kan stille på dugnad må ein alltid gi beskjed til lagleiar. Det er då lagleiar sitt ansvar å finne ein erstattar slik at vakta blir fylt.

Kva?

Det er mange ulike oppgåver som skal løysast under eit kamparrangement, og til saman er det rundt 90 personar i sving som held arrangementet i gang. Oppgåvene i breiddeavdelinga kan variere frå år til år, og lagleiar får info om kva dugnad som gjeld for kvart enkelt lag. Eksempel på oppgåver kan vere:

  • Setevask før kampen
  • Skanning av billettar
  • Kioskvakt
  • Steiking av vafler
  • Kaffikoking
  • Parkeringsvakt
  • Vakt/vert
  • Aktivitetsansvarlege for dei minste
  • Servering på losje
  • Rydding og bosplukking

Det er også dugnad under Lerum Cup for alle lag. Lagleiar vil også her få tildelt ei liste over dugnadsvakter som skal fyllast og har ansvar for at det møter personar til alle tidspunkt. Eksempel på oppgåver kan vere:

  • Nattevakt på overnattingsstad
  • Kioskvakt
  • Sekreteriatet
  • Frukost- og middag- og kveldsservering i matsalen
  • Arrangementsshjelp - levering og påfyll til kioskar og stasjonar 
  • Bosplukking og rydding
  • Nedrigg

Kvar?

Sekreteriatet er møtepunktet for alle som skal på dugnad under heimekampane. Dette finn ein i Sognekraftgata på høgre side når ein kjem frå hovudinngangen (sjå kart). Her vil ein få tildelt nødvendig utstyr som t.d. vestar, sekk, skannetelefonar, kart osv. Alle som skal jobbe oppgir namnet sitt, blir kryssa av på ei liste og får tildelt akkreditering. Det kan anten vere eit kort med fargekode eller eit band rundt armen. Akkrediteringa viser vaktane kva rolle ein har, og gir tilgang til riktig del av stadion utan billett.

I sekreteriatet vil ein også få nødvendig info og hjelp om det er noko ein er usikker på. Her har ein ei samla oversikt over dugnadane til dei ulike laga, og kart over kvar ein skal gå til dei ulike oppgåvene. Berre spør, sekreteriatet er der for å hjelpe!

kart over Fosshaugane Campus

Etter at ein har henta akkreditering og det nødvendige utstyret i sekreteriatet skal ein vidare til dei respektive oppgåvene. Kartet over viser blant anna kvar kioskane er plassert, og kvar ein finn dei ulike portane. Billettbui finn ein i Svingenbygget (kortsida). Kartet under viser kor ein kan gå for å kome seg til dei ulike portane. Om ein ikkje er kjend på Fosshaugadn kan dette vere lurt å merke seg til seinare. Stadionkartet på side 2 viser ein oversikt over kvar dei ulike felta ligg på stadion, slik at t.d. vaktar finn sin plassering.

Me er veldig glade for å ha så mange flinke frivillige, og set stor pris på den viktige jobben! Om ein har spørsmål knytt til dugnad anbefalar me å ta kontakt med lagleiar for laget ditt.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: