
Føremål, visjon og kjerneverdiar
Dette er Sogndal Fotball sitt føremål, visjon og kjerneverdiar
Føremål
Toppfotball og breiddefotball
Visjon
Utviklingsarena for toppfotball
Kjerneverdiar
Ambisiøs, Utviklande, Inkluderande, Ærleg
Ambisiøs
Me skal søke kontinuerlege forbetringar. Det me gjer i dag kan utviklast i morgon. Me skal sette krav til kvarandre og ha ambisiøse mål.
Utviklande
Me skal vera utviklande og tenkje langsiktig. Me skal søkje utvikling og kompetansebygging i lag med våre samarbeidspartnarar. Me skal stimulere utvikling gjennom gode rammevilkår, god tilretteleggjing og god oppfølgjing. Me skal utvikle heile mennesket og heile organisasjonen.
Inkluderande
Me skal ha ein inkluderande haldning der alle skal kunne kjenne tilhøyrsle. Me skal vera audmjuk og opptre med gjensidig respekt for kvarandre.
Ærleg
Me skal ha eit realistisk sjølvbilete, vera ærlege og snakke til og ikkje om kvarandre. Me skal skape samhald, tillit og respekt gjennom god løysingsorientert dialog.