Medlemskap
Slik blir ein medlem i Sogndal Idrettslag Fotball
Det er viktig at alle som driv aktivitet i Sogndal Idrettslag Fotball er gyldige medlemmar. Det betyr at alle som spelar fotball eller futsal må melde seg inn som vist under.
MERK: Alle må betale medlemskontingent til både Sogndal Idrettslag OG Sogndal Idrettslag Fotball. Prosessen under må difor gjerast to gonger.
Slik går du fram:
- Gå til Min idrett
- Logg inn eller opprett brukar
- Bruk "glemt brukernamn" eller "glemt passord" ved behov
- Vel "Min side", "medlemskap" og "Bli medlem i et idrettslag"
- Søk og vel "SOGNDAL IDRETTSLAG FOTBALL"
- Vel kven som skal bli medlem
- Trykk på namnet og/eller legg til barn under 15 år
- Vel medlemstype - Med eller utan aktivitet
- Merk: Alle som spelar fotball i klubben vel med aktivitet
- Betal
- Vent på bekrefting og sjekk e-post for kvittering (Kan hamne i søppelpost)
- Gjenta prosessen og vel "Sogndal Idrettslag" i punkt 4
Medlemskontingent
Medlemskontingenten blir satt på årsmøte til kvar einskild organisasjon. Gjeldande kontingent er 300,- årleg til Sogndal Idrettslag, medan ein betalar minstebeløpet 50,- til Sogndal Idrettslag Fotball. Ein må betale begge medlemskapa for å vere gyldige medlemmar.
Om ein er usikker på om ein er medlem kan ein sjekke dette ved å logge seg inn på Min idrett og gå til medlemskap. Her vil ein få oversikt over alle aktive medlemskap, og når ein er ferdig vil både "SOGNDAL IDRETTSLAG FOTBALL" og "Sogndal Idrettslag" vere synlege her.
Røyste- og talerett på årsmøtet
Det er berre betalande medlemmar som har røyste- og talerett på årsmøtet for organisasjonen. Om ein ønskjer å røyste på årsmøtet til Sogndal Idrettslag Fotball må ein vere medlem både der og i Sogndal Idrettslag. Følgjande kriterie må vere oppfylt for å kunne røyste eller tale på årsmøtet:
- Ein må ha vore medlem i minst ein månad før årsmøtet
- Ein må fylle minst 15 år i kalenderåret årsmøtet vert halde
- Ein må ha betalt medlemskontingenten innan årsmøtet
Ta gjerne kontakt med [email protected] ved spørsmål!
STAO NO PAO!