Jubileumsmarkering
Velkomen til jubileumsmarkering på Fosshaugane Campus søndag 25. oktober!
Gjennom dagen vert det jentefotballseminar, fanzone, aktivitetar og ikkje minst fotballkampar. A-laget spelar i den flotte jubileumsdrakta når Kongsvinger kjem på besøk.
- Inngang vaksen kun 100 kr.
- Inngang born kun 50 kr.
PROGRAM:
kl. 10.00: Jentefotballseminar
Les meir her: https://www.sogndalfk-damer.no/nyheiter/pmelding-og-program-til-jentefotballseminar
Kl. 13.00-15.00: Sogndal FK Damer – Fana
Serieavslutning i 2. divisjon.
Kl. 15.00-16.45: Fanzone med aktivitetar, grilling, konkurransar og utstillingar
- Grilling med Meny Sogndal
- Treerbane og fotballaktivitetar
- Sognekraft kjem
- Sparebanken Norge kjem med fotballdart
- Avery Dennison kjem med legendesett som du kan trykke på jubileumsdrakta
- Intersport Sogndal kjem
- Bilutstilling frå Toyota Sogn
- Lerum-konkurranse: Nærmast midtsirkelen i pausen
Kl. 15.30-16.00: Showkamp: Legendane mot sponsorane
Gamle heltar og legendar tek i mot våre trufaste sponsorar til duell på Fosshaugane. Kven er best? Kan sponsorane visa at dei fortener meir innverknad på bana? 😁
Kl. 17.00: Sogndal – Kongsvinger (OBOS-ligaen)
Me spelar i jubileumsdrakta i den 28. serierunden i OBOS-ligaen.
I 2026 markerer me 100 år med Sogndal IL og 50 år samanhengande i norsk toppfotball – ein prestasjon berre sju andre klubbar i landet kan vise til.
Ta med familie, vener og gode naboar og bli med på ein fotballdag med ei ekstra ramme!