Bra sesong for Damelaget

Trenar Brede Nymark oppsummerar sesongen 2017

Etter ein god vårsesong, var det knytt spenning til haustsesongen. Rutinerte spelarar reiste i løpet av sommarpausen, resultatet var at unge måtte ta tak, og nye studentar fekk moglegheita. Denne sjansen tok dei godt vare på.

På trenarsida vart det også utskiftingar, Kjell August Ytre-Eide takka for seg å flytta heim til Stryn. Inn kom nye krefter, Navin ‘Bobby’ Murugesh kom inn med nye idear og meiningar, Tor Erik Eide tok over jobben som keepertrenar.

 Haustsesongen bestod av seks kampar, der den største testen kom i bortemøtet mot Høyang. Kampen i Høyanger vart ein jamn batalje, der ein merka at rutine hadde forsvunne frå vårt lag. Me stilte med eit ungt lag, som viste kva me kunne vente oss. Jentene som viste seg fram i vår tok ytterlegare tak, samstundes viste Lina S Seldal, Julie Årøy, Maria Fosshagen og Sigrid Foss at dei også var klare for meir speletid. Her fekk me sjå unge spelarar ta tak, og hausten såg lovande ut.

 Ei ung spelargruppe har levert ein god haustsesong. Kamp etter kamp har spelet utvikla seg, dei unge har teke steg ilag og danna ein god plattform for utvikling. Utviklinga har også vært positiv spelar for spelar. Nye studentar har komme inn, funne seg godt til rette å vert eit friskt pust i laget (Katrine Eliassen Mikkelsen, Elin Stensrud, Ingunn Dahl Larsen og Ingvild Konstanse Larsen).

Artikkelen held fram under bildegalleriet. Bilda er tekne av Stig Høynes frå Haugen Fotball, og er frå kampen Stryn - Sogndal.

Irene Steig gjorde ein formidabel jobb som kaptein, viste seg fram som ein god leiar på bana og treningsfeltet, tok eit ekstra tak for at trivselen var på topp og alle var velkomne.

 Unge lokale spelarar har vist at dei kan hevde seg, spelet har blitt betre kamp etter kamp, det har vært ei god treningsgruppe som jobbar for kvarandre og har gjort jobben enkel for trenarane.

Me har klare planar om å ta nye steg neste sesong, med denne gruppa og balansegangen mellom studentar å lokale ligg alt til rette for at 2018 skal bli enda eit spennande år med mykje gode opplevelsar på bana. Det gror godt i Sogndal, så det er nokre kjekke år i vente.

Då sesongen var ferdig, samla heile gruppa seg for ein avslutning med talar og prisutdeling. Christoffer Honningsvåg har gjort ein god jobb i to år, men har teke valet å gi seg. Geir Foss har etter mange år bestemt seg for at nok er nok. Sogndal Damelag mistar to med mykje erfaring. Me takkar dei for innsatsen og ynskjer dei lykke til vidare. Brede Nymark tek over som hovudtrenar, med seg har han Navin ‘Bobby’ Murugesh som trenar og Tor Erik Eide som keepertrenar.

 Prisvinnarane:

Årets Spelar – Vilde Sofie Haveland Sleire (stemt fram av spelarane)

Årets unge spelar – Kristin Bergheim

Årets nykommer – Amalie Hauglund

Årets forbilde – Irene Steig

Årets toppscorer – Vilde Sofie Haveland Sleire

Årets forsvarer – Kristin Bergheim

Årets midtbane – June Halvorsen

Årets angriper – Lea Willumsen

 
Det vart også delt ut følgande symbolske prisar:

Årets stjerneskudd – Helena Navarsete

Årets lagleiar – Oda Bjelde

Foss prisen – Geir Foss

5 år i klubben – Amalie Hatlevoll, Marusia Sandor, Synne Slåen Nornes, Vibeke Solheim og Oda Bjelde.

Annonse fra Obos-ligaen: