Sesongstart for Damelaget

Sundag klokka 15.00 på Kvåle: Sogndal - Kaupanger 2

Ein lang periode med mykje trening og kampar er over, no er Damelaget klare til seriestart.

På sundag klokka 15.00 på Sogndal Stadion, Kvåle er det klart for årets første seriekamp mot Kaupanger 2.

Endring frå i fjor
Laget har gått gjennom nokre endringar i troppen. Lea Vindelev Willumsen og Helena Navarsete har gått til Kaupanger, og me ynskjer dei lykke til og håpar dei fortsetter den flotte utviklinga. Silje Marie Foss er på utlån til Balestrand. Samstundes har spelarar som Inga Loftesnes, Julie Årøy og Ingunn Dahl Larsen, lagt skoa på hylla. Inn har me henta Aina Kvam og Dina Beate Lerum, begge spelte tidlegare på Kaupanger.

Lang sesongoppkøyring
Sesongoppkøyringa vart starta i januar.

Me brukte mykje tid på den fysiske formen, der me fekk god hjelp av Spenst som laga eit godt opplegg ein dag i veka.

Resten av øktene har gått mykje på det taktiske og individuelle for laget og spelarane. Det har vore  ei god treningsgruppe, der me har fått med oss nokre spelarar frå andre klubbar og studentar i tillegg til våre eigne spelarar.

I treningskampane har desse og spelarar frå eige jentelag fått moglegheita til å vise seg fram og få kjenna på nivået. Kampane har gitt oss mykje svar på korleis me ligg an, og progresjonen har vore bra. Kvar kamp har gitt litt bekreftelse og nokre element som må jobbast meir med.  No er siste stein lagt før alvoret er i gang.

IMG_2279
Ung, men rutinert kaptein: Irene Steig

Troppen
Det er ei ivrig og samansveisa gruppe som står igjen. Stallen er mindre enn den var på same tid i 2017, men det er ein gjeng som ynskjer å drive med fotball og legg ned det nødvendige arbeidet.

Laget går gjennom eit generasjonsskifte, dei unge er klar for å ta meir ansvar. Det blir jobba hardt for fellesskapet på trening og i kamp. Me har trua på ein god vårsesong, som skal legge grunnlaget me treng for å fortsette i haustsongen.  Det er fokus på at kvar einskild spelar skal utvikle seg, samstundes som laget skal ha progresjon.

 Laget består av mange gode spelarar, Irene Steig, Marusia Sandor og Dina Beate Lerum som legg ned ekstremt mykje jobb på bana og treningsfeltet. Resten av dei rutinerte som gir tips og går framfor, er alle ein viktig brikke for laget, spesielt som forbilde for dei unge som skal ta nye steg og meir ansvar i år. Spennande spelarar som Vilde Slåen Nornes, Amalie Hauglund og Kristin Bergheim vil bli viktige i år, med sine ferdigheiter, potensial og arbeidskapasitet.

IMG_2291
Veteran og viktig brikke i laget: Marusia Andreea Sandor

Desse er med i årets spelarstall:
Aina Kvam
Sigrid Foss
Irene Steig
Marusia Sandor
Amalie Hauglund
Kristin Bergheim
Amalie Hatlevoll
Lina Stalheim Seldal
Ingvild Mundhjeld
Katrine Mikkelsen
Vilde Nornes
Dina Beate Lerum
Trude Kveane
Sigrid Lydvo
Ingvild Konstanse Larsen
Elin Stensrud
Maria Fosshagen
Vilde Sofie Haveland Sleire

Trenarteamet:
Brede Nymark, hovudtrenar
Adrian Gjermundstad, assistenttrenar
Hildegunn Bergheim, lagleiar
Eli Mundhjeld, ass. lagleiar

Støtt laget!
Me er vande med at spelarar forsvinner, men ser gang på gang at nye kjem opp og tek ansvar på bana og treningsfeltet. I 2017 sesongen leverte laget jamt over ein god prestasjon, som resulterte i 2.plass.

Laget i år skal gjere det dei kan for å fortsette med det gode spelet, og gjerne vise det fram enda oftare. Det blir ein spennande sesong og me kan love mykje bra spel.

Møt opp og støtt laget i våre kampar!

Annonse fra Obos-ligaen: