– Deileg å vera ferdig med oppkøyringa
Det enda 1–1 mot Åsane i generalprøven. No ser Sebastian Pedersen fram mot seriestart mot Odd.
I generalprøven mot Åsane heime på Fosshaugane enda det 1–1.
– Det er deileg å bli ferdig med oppkøyringa. Den er litt for lang for min smak, men no skal det bli godt med sesongstart. Så skal me sørgje for at me byrjar å vinne kampar, seier Pedersen.
Sebastian Pedersen stanga inn Sogndal sitt mål etter eit flott innlegg frå venstreback Diogo Brás. Etter 66 minutt utlikna Åsane ved Einar Iversen, etter to litt enkle balltap frå heimelaget.
– I dag synest eg òg at me burde ha klart å dra i land ein siger, men det ville seg ikkje heilt. På måndag mot Odd skal me sørgje for å vera på stasjonen, seier han.
Unggutane fekk sjansen
Med heile sju spelarar på landslagsoppdrag og fleire mann ute med skade, fekk fleire unge og lovande spelarar sjansen mot Åsane. David Kongelf starta på backen i Atli Barkarson sitt skadefråvær.
– Gøy å få spele. Det var tungt, og litt seigt at det vart 1–1, men slik er det. Eg synest eg hadde nokre gode involveringar og mange innlegg. Me gjer ein god jobb bakarst, seier Kongelf.
Utover i andre omgang slapp fleire unggutar til, blant anna Theo Westgård, Sverre Stavø, Julian Madsen og Linus Heggestad.
Kampfakta
Sogndal – Åsane 1–1 (1–0)
Fosshaugane Campus
Mål: 1–0 Sebastian Pedersen (42.), 1–1 Einar Iversen (66.)
Laget: Lars Jendal – David Kongelf, Sander Granheim, Even Hovland, Diogo Brás – Marius Årøy, Vegard Hagen, Jacob Blixt Flaten, Kasper Skaanes – Preben Asp, Sebastian Pedersen
Innbytarar: Kacper Bieszczad, Mathias Øren, Linus Heggestad, Theo Westgård, Julian Madsen, Sverre Stavø, Emmanuel Mensah.
Slik var kampen:
Allereie etter fem minutt ropte Åsane på straffespark. Etter ein corner fekk Emanuel Grønner heade frå kort hald, men Sander Granheim redda på streken. Like etter kom Sebastian Pedersen til avslutning etter innlegg frå Kasper Skaanes på høgresida.
Etter 14 minutt viste David Kongelf seg fram på ny. Ungguten slo eit lågt og hardt innlegg frå høgre, der Pedersen var ein millimeter unna å kome fyrst på ballen. I angrepet etterpå var Kristoffer Barmen nære på for bortelaget, men Lars Jendal sørga for at det framleis stod 0–0.
Etter halvtimen slo Diogo Brás inn frå venstre. Preben Asp heada ned til Pedersen, men han måtte ut og hente ballen, og med ryggen mot mål vart det vanskeleg å tvinge inn avslutninga. To minutt etterpå var Preben Asp nære ved å sende Sogndal i leiinga. Heimelaget bygde opp eit raskt angrep med gode kombinasjonar; Vegard Hagen fann Jacob Flaten i mellomrommet, som sende ballen vidare til Skaanes. På fyrstetouch fann han Asp, som fyrte av frå 16 meter – i stolpen!
Leiarmålet kom
Etter 42 minutt bar det gode spelet frukter. Marius Årøy fann Diogo Brás ute på venstrekanten. Brás vende opp og slo eit presist innlegg med høgrefoten, og i boksen stanga Sebastian Pedersen inn leiarmålet.
Etter kvila heldt Sogndal fram med eit høgt press. Pedersen vann ballen og spelte til Preben Asp, som var svært nære å setje inn 2–0, men Åsane sin sisteskanse fekk slått til corner. Åsane var på si side farlege på overgangar, og Lars Jendal måtte trå til med ei god redning då ein Åsane-spelar kom aleine gjennom.
Etter 60 minutt vende Even Hovland spelet med ei god pasning til Kongelf. Innlegget fann Preben Asp, men skotet på halvspretten gjekk over mål. Utlikninga til gjestene kom etter 66 minutt. Åsane vann ballen høgt og fann Einar Iversen. Sogndal kunne ha fått klarert, men Iversen krangla til seg ballen, avanserte inn i feltet og sette ballen i mål bak Jendal.
Etter dette var begge laga frampå, utan å skape dei heilt store sjangsane til å avgjere kampen. No rettar me alt fokus mot måndag og serieopning!