– Det svir, og det er ikkje godt nok
To tap og 0–7 i målforskjell er ein tung start på sesongen. Etter 0–3 mot Lyn er både Even Hovland og Kasper Skaanes tydelege: Dette er ikkje godt nok, men jobben med å snu det startar no. A-laget Video Biletgalleri
– Det har ikkje blitt den starten me håpa på. Så me må på treningsfeltet igjen denne veka og få justert dette, seier Even Hovland.
Lyn avgjorde kampen før pause med tre scoringar i første omgang på fem skot. Sogndal fekk betre tak på kampen etter kvilen, men klarte aldri å setje gjestene under nok press til å snu oppgjeret.
– Me skal for all del ikkje gi opp enno, men me må verkeleg i kjellaren no for å jobbe til oss poenga. Det har vore ein tøff start, men i fotball snur det fort viss ein gjer jobben godt nok på treningsfeltet og dei neste kampane, seier Hovland.
- Sjå samandrag og fleire bileter i bunn av saka.
Det som er så fint med fotball, er at det kjem nye moglegheiter. Det er lov å vere skuffa i dag, så får ein kome seg opp på hesten igjen i morgon.
— Kasper Skaanes
– To slag i trynet
Forsvararen legg ikkje skjul på at dei to første kampane har vore skuffande.
– Fotballen er slik at det går opp og ned, og no har me fått to slag i trynet. Det var sjølvsagt betring i andre omgang i dag, og me fekk litt meir kontroll på det. Men likevel er det ikkje til å leggje skjul på at det svir med 4–0- og 3–0-tap i dei to første kampane.
– Me må verkeleg gå i oss sjølve og få snudd dette. Det kan me gjere utan problem, men det må gjerast på treningsfeltet og i dei neste kampane som kjem, seier han.
– No må me vise karakter
Dagens kaptein Kasper Skaanes deler vurderinga og er tydeleg på at laget ikkje har levert som forventa.
– Dette var sjølvsagt ikkje den sesongstarten me ønskte oss. Me hadde ein veldig skuffande kamp mot Odd førre helg, og håpa verkeleg på at me skulle klare å slå tilbake i dag. Det klarte me ikkje, seier Skaanes.

0–3 ser ikkje bra ut, men det skal nemnast at gjestane var effektive før kvilen, medan me ikkje var det.
– Det kjennest sjølvsagt kjipt og tungt at me ikkje får til det me prøver på akkurat no. Ja, det er tungt. No er me nøydd til å vise karakter og jobbe oss ut av det me har grave oss ned i.
Samtidig peikar han på at sesongen framleis er ung.
– Det som er så fint med fotball, er at det kjem nye moglegheiter. Det er lov å vere skuffa i dag, så får ein kome seg opp på hesten igjen i morgon.
– Då får me bruke dei neste dagane på å kome over dette, analysere og finne ut kva me kan gjere betre. Så får me ta det derfrå.
Neste moglegheit kjem til helga. Da møter me Strømsgodset borte.
Kampfakta
Sogndal – Lyn 0–3 (0–3)
Fosshaugane Campus, 1607 tilskuere
Dommer: Mohammad Hafezi
Mål:
0–1 Andreas Hellum (14)
0–2 Andreas Hellum (22)
0–3 Anders Bjørntvedt Olsen (40)
Gult kort: Kasper Skaanes (45), William Sell (56), Fallou Sock (76).
Laget: Lars Jendal – Diogo Brás (Mathias Øren frå 45), Sander Granheim, Even Hovland, Atli Barkarson – Martin Høyland (Tuomas Pippola frå 33), Lukass Vapne (Vegard Hagen frå 64), Fábio Sturgeon (Onni Helén frå 64), Kasper Skaanes – Oliver Hintsa, Sebastian Pedersen
Lyn: Alexander Pedersen – Sander Amble Haugen, William Sell, Ådne Midtskogen, Herman Solberg Nilsen, Herman Solberg Nilsen - Didrik Fredriksen (William Wæhler frå 81), Eron Isufi (Isak Vik frå 34), Julius Skaug (Isaac Monglo frå 81) – Mathias Johansen (Ibrahim Sawaneh frå 70), Andreas Hellum (Fallou Sock frå 70), Anders Bjørntvedt Olsen.
Statistikk
Ballbesittelse: 56%-44%
Skud på mål: 7-9