– Eg vil visa kva eg er god for

Den islandske nysigneringa Atli Barkarson (24) har lagt bak seg sine første veker i kvitt og svart. No håpar han å få fart på karrieren i Sogndal.

Då Atli Barkarson signerte for Sogndal tidlegare i vinter, gjekk turen rett til Spania for å møte sine nye lagkameratar. Mannen med fire landskampar for Island fortel at starten har vore over all forventning.

– Dei første vekene har vore veldig bra. Det var ein stor fordel å kople seg på laget i Spania. Det gav meg ein bra sjanse til å bli raskt kjend med både spelarane og støtteapparatet, og ikkje minst at dei fekk sjå kven eg er, seier Atli.

– Eg var i ein utfordrande situasjon i Belgia og trengde ei god løysing.

— Atli Barkarson

Som heime

Etter opphaldet i sørlegare strok, har 24-åringen no fått kjenne på kvardagen i Sogndal. For ein islending med bakgrunn frå internasjonal fotball, var møtet med Sogn ein positiv overgang.

– Førsteinntrykket av Sogndal er fantastisk. Det er ein utruleg vakker og koseleg liten bygd med mektig natur rundt seg. Eg bur her saman med kjærasten min, og me brukar mykje tid på å gå turar og nyte den friske lufta. På mange måtar minner det meg om heime på Island, så eg føler meg veldig komfortabel her.

Barkarson kjem til klubben med ein imponerande CV, inkludert serie- og cupgull på Island og opprykk i både Danmark og Belgia. Likevel var det ikkje sjølvsagt at ferda skulle gå til Noreg og OBOS-ligaen etter tida i belgiske Zulte Waregem.

– Eg var i ein utfordrande situasjon i Belgia og trengde ei god løysing. Då Sogndal kom på bana, hadde eg ein veldig god samtale med Luis (hovudtrenar). Han forklarte tydeleg korleis han ser føre seg mi rolle i laget, korleis eg kan hjelpe klubben, og korleis klubben kan hjelpe meg med mi utvikling. Eg vart veldig imponert og motivert til å kome hit og vise kva eg er god for, seier Atli.

Fakta: Atli Barkarson

Fullt namn: Atli Barkarson

Fødd: 19. mars 2001 (24 år)

Heimstad: Husavik, Island

Posisjon: Venstreback

Høgde: 186 cm

Kontrakt: Ut 2028-sesongen

Tidlegare klubbar:

  • Völsungur (Island)

  • Norwich City (Akademi, England)

  • Fredrikstad FK (Noreg)

  • Vikingur (Island)

  • Sønderjyske (Danmark)

  • Zulte Waregem (Belgia)

Merittar:

  • Serie- og cupmeister med Víkingur (2021)

  • Opprykk til Superligaen med Sønderjyske (2024)

  • Opprykk til toppdivisjonen med Zulte Waregem (24/25)

Landslagskampar:

  • 4 A-landskampar for Island

  • 37 kampar for aldersbestemte landslag (U16–U21)

Vil bidra offensivt

Hovudtrenar Luis har tidlegare trekt fram Atli sin kombinasjon av fysisk styrke, taktisk forståing og offensive kraft som sentrale grunnar for signeringa. Spelaren sjølv har klare ambisjonar for kva han vil oppnå i den kvite drakta fram mot 2028.

– Mitt personlege mål for sesongen er å halde meg skadefri, prestere stabilt og hjelpe lagkameratane mine så mykje som mogleg. Så håpar eg sjølvsagt å kunne bidra med både målgivande pasningar og scoringar i løpet av sesongen, seier han.

Er du spent på å sjå Atli og resten av karadn? Hugs å kjøpe sesongkort for jubileumsåret 2026!

Annonse fra Obos-ligaen: