– Endeleg er me i gang med å vinne
Sesongens første siger vart sikra då me slo Åsane 2–0 på heimebane laurdag, med god støtte frå heimepublikum. A-laget Video
Me fekk ein draumestart på oppgjeret då Kasper Skaanes allereie etter fem minutt sørgde for sesongens første nettkjenning, og me held trykket oppe med fleire gode moglegheiter utover omgangen.
Seks minutt ut i andre omgang var Skaanes framme igjen. Etter eit glimrande forarbeid avslutta han med eit lekkert langskot som dobla leiinga og langt på veg punkterte kampen.
– Me er veldig fornøgde. Endeleg er me i gang med å vinne.
Sjå intervju med Skaanes her:
Den tidlege leiinga gav kampen retninga Sogndal ønskja, og me hadde god kontroll gjennom oppgjeret.
– Å avslutte kampen med fire frå Sogndal er fantastisk for klubben, sa trenar Luis Pimenta etter kampen.
Det vart også ein spesiell dag for Emil Lunde Hillestad (17), som fekk sin debut i OBOS-ligaen på heimebane.
Sigeren sikrar dei første poenga for sesongen og gir eit viktig løft før dei neste kampane.
Kampfakta
Sogndal – Åsane 2-0 (1-0)
Fosshaugane Campus, 1783 tilskuere
Dommer: Ole-Alexander Ekeli Valen
Mål:
1-0 Kasper Skaanes (5)
2-0 Kasper Skaanes (51)
Gult kort: Pippola, Skaanes, Vapne, Hintsa, Helén - Sogndal.
Laget: Lars Jendal – Diogo Brás (Emil Lunde Hillestad frå 83), Even Hovland (K), Sander Granheim, Mathias Øren – Tuomas Pippola, Lukass Vapne (Fabio Sturgeon frå 75) – Kasper Skaanes (Elias Flo frå 91), Oliver Hintsa (Onni Helén frå 83), Sebastian Pedersen (Marius Årøy frå 91).
Åsane: Lervik – Oprea, Ingebrigtsen, Diaby, Wolfe – Haga, Barmen, Kallevåg, Geelmuyden – Fismen, Grønner
Statistikk
Ballbesittelse: 50-50%
Skudd på mål: 4-4
Hjørnespark: 4-3