– Me ønskjer å vise stoltheiten me har for klubben

Etter ein tøff seriestart er me klare for å vise ein tydeleg respons når me spelar sesongens første heimekamp på Fosshaugane Campus.

Laurdag er det klart for årets første heimekamp, når Lyn kjem på besøk til Fosshaugane Campus.

– Me ønskjer å revansjere vår eiga prestasjon i serieopninga, og er veldig innstilte på å vise oss fram på ein god måte i den første heimekampen. Det er ei god anledning til å vise korleis me ønskjer å representere klubben, og den stoltheita me har for å spele for Sogndal Fotball, seier hovudtrenar Luis Pimenta.

Serieopninga vart skuffande med 0-4-tap for Odd. No handlar alt om å vere best mogleg førebudd til årets første heimekamp.

– Denne veka har me jobba med forsvarsstruktur og ulike pressmoment. Me har òg jobba med den offensive strukturen, og med ulike dynamikkar me ønskjer å sjå i angrepsspelet, seier Pimenta.

Det er ei god anledning til å vise korleis me ønskjer å representere klubben,

— Luis Pimenta
Med kamp måndag og laurdag blir treningsveka noko kortare enn vanleg.

– Me har pusha hardt fysisk i dag (torsdag). I morgon blir det litt rolegare, men med tydeleg fokus på det taktiske innhaldet, seier han.

Velkomen til Sogndal – Lyn laurdag kl. 14.00.
Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: