– Vår beste prestasjon i år

Sogndal tapte 0–1 mot Stabæk, men hovudtrenar Luis Pimenta er likevel nøgd med kva karadn leverte.

Sogndal gjorde ein god prestasjon på Nadderud, men etter ei sein skåring vann Stabæk treningskampen nøyaktig éin månad før seriestart.

– Det er litt rart å seia det, sidan me skåra fem i førre kamp, men eg trur dette er vår beste prestasjon så langt i oppkøyringa. Det er mykje bra i dag, både i etablert angrep og etablert forsvar, seier hovudtrenar Luis Pimenta.

Sogndal opna best med eit aggressivt press og god kontroll på ballen i første omgang. Etter eit innlegg frå sin landsmann Diogo Brás, var portugisiske Fábio Sturgeon nær på etter ei heading.

Nokre minutt seinare kriga Sebastian Pedersen seg fram i feltet, og kom først på innlegget frå Atli Barkarson. Avslutninga traff metallet på Nadderud, og dermed var det framleis 0–0.

Etter dette spelte Sogndal seg fram til fleire moglegheiter inne på motstandaren sin tredjedel. Nærmast var Tuomas Pippola, som var først på eit innlegg frå Diogo Brás, men ei god redning gjorde at det stod 0–0 til pause.

– Me hadde meir ro med ballen, og klarte å spela motstandaren låge. Det gav oss òg litt tid til å pusta, men òg ta ned kontringsfaren hjå motstandaren fordi kantspelarane deira måtte gå lågt, seier Pimenta.

Etter kvilen vart det ein meir jamspelt kamp. Kasper Skaanes var nærast skåring for Sogndal, då han plukka opp eit tilbakespel og kom aleine med keeper. Skaanes freista å runda keeper, men Stabæk sin sisteskanse fekk ei hand på ballen og avverga faren.

Sogndal-benken ropa på straffe, men sjølv meiner Skaanes at avgjerda var rett.

– Me må vel rosa keeperen for ei god involvering, seier Skaanes.

Ti minutt før slutt sette Stabæk inn 1–0. Sogndal hadde ein liten sluttspurt, og Onni Helén var nærmast skåring. Men det enda altså mållaust for Sogndal på Nadderud.

– Sjølvsagt ønskjer me å vinna kvar kamp, men eg synest både mentaliteten vår og strukturen vår var veldig bra. Me skapte nokre gode sjansar som me kunne skåra på. Førre kamp var me veldig effektive, i dag var me det ikkje, sier Pimenta.

Om nøyaktig ein månad er det seriestart.

– Me ligg bra an. Me ser skarpe ut. Det ser ut som me er i god form og står kampane godt. No handlar det om å finjustera meir av det me gjer med ballen, seier dagens kaptein, Martin Høyland.

Stabæk - Sogndal 1-0 (0-0)

Treningskamp, Nadderud

1-0: William Wendt (83)

Laget: Kacper Bieszczad - Diogo Bras, Mathias Øren, Even Hovland, Atli Barkarson - Tuomas Pippola, Martin Høyland (K), Lukas Vapne - Fabio Sturgeon - Sebastian Pedersen, Oliver Hintsa

Benken: Lars Jendal, Emil Hillestad, Jacob Flaten, Onni Helen, Marius Årøy, Vegard Hagen, Kasper Skaanes

Annonse fra Obos-ligaen: