1-1 på Fosshaugane

Bra gjennomført kamp mot Aalesund

Det vart 1-1 i dagens treningskamp mot Aalesund, som i år skal spela i Eliteserien.

Kampen gjekk direkte på Sogn Avis, og kan sjåast i opptak her

Det var våre karar som kom best i gang, og allereie etter eit par minutt kunne Kristoffer Hoven jubla for skåring mot Sten Grytebust, som vokta buret hjå gjestene. Kristoffer hadde ein ball til i garnet, men domar meinte at oksen frå Konnerud var i offside. Stillinga til pause var 1-0.

Les om kampen i Sogn Avis

I andre omgang utlikna bortelaget ved Kristoffer Barmen.

- Me blir berre betre og betre, og dette ser bra ut, meinte målskårar Kristoffer Hoven etter kampen, som han meinte me gjennomførte veldig bra.



Eirik Lereng spelte 20 minutt mot Enga og ein omgang i dag, og no gler årdølen seg til seriestart.

Trenar Tore André Flo var godt nøgd med karane sine i dag.


Les om kampen på Porten.no

Sogndal – Aalesund 1–1 (1–0)

Treningskamp, Fosshaugane Campus, onsdag 16. mars

Mål: 1–0 Kristoffer Hoven 5. min, 1–1 Kristoffer Barmen 50. min

Domar: Yngve Håkonsen, Fjøra

Sogndal (4–4–2): Renze Fij – Hordur Gunnarsson, Axel Kryger, Andreas Van der Spa, Per-Egil Flo – Andreas Hoven, Mathias Blårud (Eirik Lereng frå 46.), Valdimar Ingimundarson, Kristoffer Nessø – Peter Godly Michael, Kristoffer Hoven

Aalesund (4–3–3): Sten Grytebust - Petar Golubovic, David Fällman, Besym Serbecic, Simen Rafn - Erlend Segberg, Dario Canadjija, Kristoffer Barmen - Simen Bolkan Nordli, Sigurd Haugen, Isak Dybvik Määtää

Neste treningskamp er på søndag den 20. mars klokka 16:00 på Fosshaugane Campus. Det er gratis inngang og enkel kiosk.

Har du kjøpt sesongkort? Det blir ein spennande sesong, og me håpar å sjå deg på Fosshaugane Campus! Kjøp ditt sesongkort her

Annonse fra Obos-ligaen: