3-2 mot Førde

- God og viktig gjennomkøyring, sa Tore André etter kampslutt

Det vart 3-2 i kveldens treningskamp mot Førde. Sjå kampen i opptak her

Laget til Terje Rognsø gjekk hardt ut og ville ikkje stå med lua i handa på Fosshaugane Campus, og me hadde spelt over halve timen før Kristoffer Nessø skåra kveldens første mål. Peter Michael la på til 2-0, og så utlikna sunnfjordingane. Mot slutten av kampen skåra Kristoffer Hoven kveldens siste mål.

Les om kampen i Sogn Avis

Trenar Tore André Flo var nøgd med at vi skapte mange målsjansar, og at me fekk ein god og viktig gjennomkøyring.





Kristoffer Hoven hadde ein del sjansar på mål i dag, og vart til slutt matchvinnar med kveldens siste mål. Bakerst stod Renze Fij, som ikkje var heilt nøgd etter at han måtte plukka ut to ballar frå garnet.

Neste kamp er på søndag, også den på Fosshaugane, og då møter me divisjonskollega Åsane. Kampstart er klokka 16:00

 

Annonse fra Obos-ligaen: