3 herlege poeng i Skien og framleis håp om kvalik!

Karadn gjorde jobben mot Odd og vann overlegent


Oppskrifta for å halde liv i kvalikhåpet var enkel: Me måtte ta 3 poeng mot Odd. Karadn leverte som bestilt, og til slutt var det ingen tvil om at poenga skulle bli med på bussen heim til Saftbygda!

Frå starten av kampen var det mykje positivt å sjå frå karadn. Dei var angrepsvillige og kjempa hardt i det voldsomme regnværet på Skagerak Arena. Etter 27 minutt skulle det gje løn for strevet, og kven andre enn Oliver Hintsa var på rett plass? Martin Høyland fyrte av eit skot, og på returen venta toppscoraren vår og satte sitt 14. mål i årets seriespel! På overtid mista Rafik Zekhnini hovudet og fekk direkte raudt kort for eit spark mot Diogo Brás. Det betydde at me skulle avslutte kampen med 1 mann meir.

Direkte etter pause kom det allikevel ein kalddusj. På veldig enkelt vis fekk Odd spelt seg igjennom på si høgre side. Abduljeleel Abdulateef som akkurat hadde blitt bytta inn dribla seg fri på elegant vis og satte ballen sikkert forbi Lars Jendal til 1-1. 

Heldigvis var karadn påskrudde og slo raskt tilbake. Etter berre 51 minutt spelt var det ein ny spiss i storform som skulle vise seg fram. Frå venstresida var det Jacob Flaten som la eit flott innlegg mot boksen. I duellen var det Sebastian Pedersen som dominerte, og med ei smart heading sendte han oss tilbake i føringa til 1-2. Mål nummer 11 for vår nr. 7 i årets OBOS-liga. 

Pedersen var ikkje ferdig for dagen, og som ein ekte målsnik var han på rett plass med 10 minutt igjen av kampen. Jacob Flaten og Kasper Skaanes spelte seg fri ute til venstre. Sistnemnde fann Sander Granheim i feltet som prøvde seg på ei avslutning. Skotet vart blokkert, men ballen enda i beina på Pedersen som pirka den mellom beina på Hansen og i mål. Scoring nr. 12 i OBOS-ligaen gjorde at me leia 1-3 på Skagerak. 

På overtid var det duka for litt finsk kraft. Martin Høyland vann ballen på midtbana og fann Tuomas Pippola på veg framover. Heilt på eigenhand brøyta han seg forbi 3 forsvararar før han satte ballen sikkert ved næraste stolpe. Dette var hans fyrste scoring for Sogndal, og me gler oss til å sjå meir frå den unge finnen! Sluttresultatet vart dermed 1-4 og me tek 3 meget solide poeng med heim frå Skien! Tusen takk til alle dei som trossa regnværet for å støtte oss på tribuna i dag!

Me held framleis liv i håpet om kvalik, sjølv om det er eit stykke fram endå. I morgon møtast Lyn og Stabæk, og om Lyn ikkje tek 3 poeng vil det vere den siste runden som avgjer. Me møter Ranheim på heimebane. Lyn skal møte Start på Bislett. Uansett kva som skjer i dei andre kampane skal me gjere jobben sjølv, og ved siger kan me uansett klatre forbi Ranheim på tabellen. Me håpar å sjå dykk på kamp i årets siste kamp på Fosshaugadn!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

 

Annonse fra Obos-ligaen: