3 nydelege poeng mot Moss!

Me tek 3 poeng mot Moss på Fosshaugadn


Ein fantastisk fyrsteomgang mot Moss, gjorde at det aldri vart spenning utover kampen. Sjølv om Moss reduserte i andreomgang vart det ein komfortabel siger i dag!

Me fekk ein flott start på kampen, og karadn la press på Moss frå fyrste minutt. Allereie før 10 minutt var spelt fekk publikum noko å juble for. Vegard Hagen utnytta ein feil i forsvaret til Moss og fann Oliver Hintsa i boksen. Svensken la den tilrette til Hagen, som prøvde eit skot. Ballen gjekk via ein forsvarar og i mål til 1-0!

Karadn var verkeleg påskrudde i dag, og fortsatte å presse på for scoring. Me har allereie fått sjå skotfoten til Lukass Vapne denne sesongen, og i dag lada han kanona igjen. Frå nærmare 30 meter la han ballen til rette og banka ballen i mål. Eit fantastisk langskot dobla leiinga til 2-0, og Lukass noterte seg for sesongens 4. scoring!

Karadn var ikkje ferdige, og det skulle kome meir før pause. Etter 42 minutt spelt slo Jacob Flaten ein nydeleg ball i bakrom mot Oliver Hintsa. Vår svenske spiss gjorde alt perfekt, drog seg inn mot mål og satte ballen sikkert til side for keeper. 3-0 og ein heilt nydeleg omgang gjorde at me leia til pause.

Etter pause var det mindre som skjedde, og dei tre måla før pause var nok med å sette sitt preg på kampen. Bortelaget kom til moglegheiter og reduserte til 3-1 etter 54 minutt, men det vart heldigvis aldri farleg mot slutten av kampen. Me ror i land ein flott siger og står no med 4 strake sigrar i OBOS-ligaen.


Det var kjekt å sjå mange folk på kamp i dag, og me ønskjer å takke for støtta! Slike rammer på Fosshaugadn er herleg! No går turen til Åsane for ny bortekamp på laurdag, og me håpar å sjå mange på bortefeltet på Åsane Arena!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: