80(!) år med statistikk om Sogndal Fotball!

Olav Paul Jakobsen har statistikk om Sogndal frå 1945 og heilt fram til i dag

For Olav Paul Jakobsen har fotballen alltid vore ein viktig del av livet. Interessa som har fulgt han gjennom både oppturar og nedturar har lagt grunnlaget for eit imponerande arkiv med statistikkar, informasjon og kunnskap om Sogndal Fotball frå 1945 (!) og heilt fram til i dag! Dette er historia om statistikaren Olav Paul Jakobsen. 

Olav Paul Jakobsen driv Sogndal Lær- og Skotøyforretning i Sogndalsfjøra saman med sonen Jan Arild Jakobsen. Butikken har vore i familien i fleire generasjonar, og Olav Paul overtok frå far sin på 1960-talet. Til tross for aukande konkurranse og vanskelege økonomiske tider har skobutikken halde fram med sal av kvalitetssko. Ein får til og med kjøpt LP-plater om det skulle vera av interesse. Det er ikkje sjølve butikken denne saka skal handle om, men det som skjuler seg i andre etasje inne på kontoret til Olav Paul. 

Over heile veggen heng det lister med namn på spelarar, kampar, antal scora mål og alt ein kunne tenke seg å vite om tidlegare spelarar i klubben. Spelarane blir ført opp under det året dei spelar sin fyrste kamp for Sogndal, og etter kvar sesong oppdaterar Olav Paul med ferske tal frå den aktuelle sesongen. 

- Det er mykje jobb, og det blir nokre timar arbeid, men det går fint om ein tek det etterkvart, fortel han.

Veggen er fylt av statistikkar
Veggen på kontoret er full av statistikkar

Olav Paul har samla statistikk om Sogndal Fotball sidan 1959, og han fortel at dei var fleire som var med på jobben på den tida. Informasjonen frå kampane var ikkje like tilgjengeleg som i dag, og ofte var einaste måten å sikre seg at alt var rett å vera til stades på stadion. Det betyr at det ikkje har vore mange kampar han har gått glipp av sidan han byrja å føre statistikken.
 

Olav Paul Jakobsen på kontoret
Olav Paul Jakobsen har samla statistikk om Sogndal Fotball sidan 1959

Det er ikkje berre seriekampar som har blitt ført opp i arkivet til Olav Paul. Samtlege kampar A-laget har spelt frå 1945 og fram til i dag er med. Det inkluderer også treningskampar og NM-kampar. Visste du for eksempel at den fyrste kampen Sogndal spelte i NM var mot Voss i 1956? Kampen enda 0-0 og Voss vann 1-0 etter ekstraomgangar. Cupbragden i 1976 er sjølvsagt også registrert, og alle kampane me har spelt i den norske cupen finn ein på lista. Sjølv dei kampane som ikkje handlar om poeng eller avansement har Olav Paul full oversikt over. Alt av treningskampar er også ført opp i statistikken, og sjølv prøvespelarar med berre 1 kamp blir ein del av lista på veggen.

Kva gjer du når veggen blir full?

- Det veit eg ikkje endå. Dei siste åra har det vore mange nye spelarar som kjem inn på lista, så det fyller opp. Heldigvis har eg alle statistikkane lagra på PC-en, og bøkene ligg trygt lagra i safen.

Statistikken har vorte digitalisert, og dei same tabellane som heng på veggen er å finne i eit Excel-ark på PC-skjermen bak han. Det er viktig at den verdifulle statistikken blir tatt vare på, og Olav Paul har sikra seg mot det meste. På kontoret står også ein brannsikker safe som inneheld bøkene med samtlege kampar nedskrive.

Som tidlegare nemnd har fotballen vore ein stor del av livet til Olav Paul, og han spelte også fotball sjølv når han var ung. Han var aldri ein del av A-laget til Sogndal, men statistikken viser faktisk at han har spelt heile 17 kampar for Sogndal 2 og scora eitt mål. Ja, for han har nemleg full oversikt over alle kampane til andrelaget heilt tilbake frå 1961 i tillegg til statistikken om fyrstelaget. 

- Eg har akkurat kjøpt ei ny bok fordi den førre vart utskriven, fortel han og ler.

Det blir mange kampar å halde styr på, og når både lagoppstilling og målscorarar skal førast er det mykje informasjon som skal ned på papiret. Men det er ikkje berre i bøkene det er statistikkar. På hylla over kontorpulten står det fleire permar som også inneheld mykje faktaopplysningar. Trenarar, tabellar, spelarar frå utlandet, toppscorarstatistikkar og mykje anna fyller dei mange arka. Olav Paul har også ei eige oversikt over alle motstandarane Sogndal har møtt. Biletet under viser "innhaldslista" over motstandarar, og alt er sortert alfabetisk. Alt frå F. B. K. Kaunas frå Litauen til norske Florvåg og FC Spartak Moscow i Russland kan ein finne under "F". Kvar side som følgjer ein oversikt over den aktuelle klubben og alle oppgjera me har hatt mot dei. 

Det er ingen tvil om at denne samlinga av statistikk, informasjon og kunnskap er særs verdifull, og me er imponerte over dedikasjonen og innsatsen som ligg bak. Tusen takk til Olav Paul for engasjementet og at han har teke vare på den verdifulle historia vår! 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: