Adrian og Anders på utlån til Øygarden FK

Duoen blir på Sotra ut sesongen

Sogndal Fotball og Øygarden FK er samde om ein utlånsavtale for Anders Johannessen Nord og Adrian Nicolai Anhanger Solberg. 

Avtalen strekkjer seg ut sesongen 2021, og kjem under Nasjonal Utlånsordning for spelarar i alderen 18-22 år. Les meir om dette her.

Dei to sogndølene har allereie reist til Sotra.

Det er viktig at Anders og Adrian jamnleg får speletid på eit høgt nivå, og i eit opprykksjagande Øygarden vil dei få moglegheit til å få verdifull kamptrening.

- I Øygarden vil karane kome inn i ein god kampkvardag der dei får spelt viktige kampar i ein god liga, dette vil utvikla dei vidare, seier Håvard Flo.

Anders spelte ein del i fjor men har slite med ein ankelskade i år. No er han skadefri, men eit stykke frå startellevaren. Adrian tok gode steg i vinter, og spelte veldig godt i sesongoppkøyringa, før også han kom på skadelista.

- Eg er veldig motivert for dette, då eg treng meir speletid, seier Anders.

- I Øygarden kan eg få ein god kamparena. Det er tøff konkurranse i Sogndal og det har blitt lite speletid. Eg håpar det blir meir i Øygarden, seier Adrian.

Begge karane gler seg til eit miljøskifte.

- Det blir godt å få litt nye impulsar, både fotballmessig og elles, seier Anders, som óg gler seg til å møta den nye gruppa.

- Det blir artig, men det er óg greitt å kjenna nokon der frå før når ein skal inn i ein ny gjeng, seier Adrian.

Det er gode relasjonar mellom Øygarden og Sogndal. Frå før er Anders og Adrian sine gode kameratar Mathias Sundberg og Eivind Helgesen på utlån, og sogndølen Fredrik Flo er kaptein på laget.

- Eg har høyrt mykje bra frå både Mathias og Eivind om klubben, gruppa og trenarane. Eg gler meg, seier Anders.

- Me kjenner Øygarden godt, og me har sett ei fin utvikling for Eivind og Mathias der denne sesongen, slik at me sikre på at dette blir ein fin og utviklande tid for Adrian og Anders, avsluttar Håvard Flo.

Me ønskjer karane masse lukke til i Øygarden!

Annonse fra Obos-ligaen: