Agent Latifu på Fosshaugane

Terje Teigen slo av ein prat med vår gamle ven

Denne veka har me hatt eit gjensyn med vår gamle ven Akeem Latifu. Han er i Sogndal som agent for ein forsvarsspelar som er på prøvespel.

Akeem spelte for oss i 2018 og var ein populær kar på Fosshaugane. Etterpå har han vore innom Mjøndalen og Jerv, no er han agent.



Terje Teigen slo av ein prat med vår gamle ven.

- Det er som å kome heim, sa Akeem til Terje. Han bur no i Manchester med familien.

Dei siste to åra har Latifu vore agent, og det er difor han har reist til sine gamle vener i Sogndal denne gang.

På prøvespel: Desmond Tawiah frå Ghana
På prøvespel: Desmond Tawiah frå Ghana

Med seg til Saftbygda har han med seg Desmond Tawiah, ein 19-årig forsvarsspelar frå Ghana med sterk fysikk og god venstrefot. Desmond har vore med på trening i Sogndal og vil få sjansen til å visa seg fram mot AaFK på Color Line Stadion i morgon.

Det var kjekt å sjå Akeem på Fosshaugane att!

Annonse fra Obos-ligaen: