Akademiet startar oppatt!

Miguel gler seg til kjekke treningar i lag med unge fotballspelarar

Sogndal Fotball aukar gradvis opp att aktiviteten og vil difor starte opp att akademiet og «miniakademiet» i neste veke (v 21), og nytt oppsett vil vare ut skuleåret (t.o.m. v 25)

I den siste perioden har det vore gjennomført organisert gruppetrening innanfor smittevern reglane (FHI) og ressursar tilgjengeleg i klubb. Det er ynskjeleg å nytte erfaringar frå dei siste vekene til igjen å tilby trening for dei som er meldt på akademiet våren 2020.

Frå og med måndag 18/5 startar akademitreningar opp att. Det er utarbeida like retningslinjer for all aktivitet og trenarressursar blir fordelt for å kunne følgje opp grupper for alle i dei påmeldte årsklassane. På grunn av gjeldande retningslinjer vil det ikkje bli servert mat (kantina er stengd), eller leksehjelp i denne siste akademi perioden.

Den første tida vil det bli lagt opp til stasjonstrening, og vi utvidar med ein treningsdag (torsdag) fram til ferien. Dette for at me ikkje skal overstige regelen om 50 stk på ei bane. Det blir oppmøte utanfor hovudinngangen på Fosshaugane Campus i den komande perioden. Trenarar følgjer utarbeida prosedyrar på gjennomføring av øktene. Samtidig må vi vere førebudde på at det kan bli endringar i organiseringa dei komande vekene.

Øktene er frivillige og spelarane må møte opp seinast 10 min. før oppstart for å kunne delta i den organiserte gruppeaktiviteten. Klubben vil halde seg oppdatert på gjeldane smittvernsreglar. Ansvarleg trenar for øktene vil planlegge, gjennomføre og evaluere slik at dei blir utøvd så forsvarleg som mogeleg.

Årskull f. 2008 og 2009 møter måndag kl 14.00-15.30 og torsdag kl 14.45-16.00

Årskull f. 2010 og 2011 møter onsdag  kl 13.30-15.00 og fredag kl 14.00-15.15 utanfor hovudinngangen på Fosshaugane Campus. Spelarane møter i treningsutstyr (ingen tilgang til garderobeanlegg på Campus) og vil få meir informasjon om gjennomføring av økta ved oppmøte.

Miniakademiet.
Me ynskjer at dei som var med på miniakademiet i vinter skal få tilbudet om dette ut skuleåret. Oppmøte 10 min før oppstart på Kvåle

Første trening er laurdag 23/5 kl. 09.00-10.00


Beste helsing

Miguel

 

Annonse fra Obos-ligaen: