Amin Nouri klar for Sogndal

Bakke: - Erfaren, rask og fotballklok spelar!

Sogndal Fotball og Amin Mimoun Nouri (f. 10. januar 1990) er samde om ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2021.

- Amin er rask, fotballklok og har god erfaring, seier trenar Eirik Bakke om osloguten med fortid og eliteserieerfaring frå Vålerenga, Start og Brann. I fjor haust var han óg på utlån til HamKam.



- Amin er ein fantastisk gut som vil vera ein god rollemodell for dei yngre spelarane våre. Han er fortsatt ung med mykje fotball i seg, seier Bakke, som peiker på at Nouri er ein fleksibel spelar som vil vera eit godt alternativ på vingback, men som óg kan bekle fleire roller.

Me snakka med ein smørblid Amin etter treninga i dag.



- Det er veldig hyggeleg å vera her, smiler Amin, som fortel at han har hatt ein del gode opplevingar på Fosshaugane som motstandar, og at han no er klar for å få vera med på å vinna i Kvitedrakta.

- Eg er erfaren og har veldig mykje å gi, og no er eg veldig gira på å kome i gang med å spela foball.

- Eg er veldig glad for at Amin er her, det blir kjekt å sjå han i aksjon, avsluttar Bakke.

- Eg er klar! Eg skal bidra med rutine og mykje speleglede, seier Amin.

Velkomen til Sogndal, Amin!

 

Annonse fra Obos-ligaen: