Anders Stadheim er vår nye utviklingsansvarleg!

Anders Stadheim er tilbake i Sogndal Fotball

Anders Stadheim er vår nye utviklingsansvarleg, og overtek stafettpinnen etter Erling Ola Fykse. Det har vore klart ei stund, men no er han altså i full sving i sin nye jobb!

Anders har jobba i Sogndal Fotball tidlegare, både som spelar og som utviklingsansvarleg. På toppnivå har han spelt fotball for både Sogndal og Fredrikstad i tillegg til 60 minutt for A-landslaget. Faktisk har han eit målsnitt som knuser Erling Braut Haaland og våre største målscorarar med 1 mål per 60 minutt på bana!

Han var utviklingsansvarleg i klubben frå hausten 2015 og ut 2019 før han byrja i ny jobb hjå NFF Sogn og Fjordane. Sjølv om han har hatt rolla før er det mykje nytt:

- Det er jo over fem år sidan, og det skjer mykje i fotballen. Det er mykje som har endra seg, men intensjonen er jo framleis den same. Me skal jobbe for å utvikle talent og gi dei best mogleg føresetnader, fortel Stadheim.

- Skilnaden frå tidlegare er at klubben har forankra avdelinga på ein annan måte. Det er ein tydelegare intensjon og arbeidet har ein større del av tankesettet til klubben enn tidlegare. Akademiklassifiseringa byrja i 2016, så eg har vore med sidan år 0 på den. Det tek tid å etablere ei så stor og omfattande satsing, og no står den endå sterkare enn i byrjinga. Det har vore ein naturleg prosess der den har fått forme seg og utvikle seg til det den er i dag, og det er ingen tvil om at det har skjedd mykje.

Dei siste åra har han jobba som trenarutviklar hjå NFF Sogn og Fjordane. Hovudoppgåva har vore å løfte trenarkompetansen i fylket og å følgje opp trenarane hjå breiddeklubbane. Gjennom dette arbeidet har han fått gode erfaringar som kan bli nyttige i ny jobb:

- Eg kjenner godt til klubbane og har god kunnskap om kva som rører seg i fylket. Gjennom tida i kretsen har eg blitt kjent med masse kjekke folk, og eg gler meg til å kunne oppretthalde dei gode relasjonane.

Sjølv om utviklingsavdelinga har fokus på å få fram talent til A-laget, vil Stadheim understreke at utviklingsavdelinga også har eit viktig samfunnsansvar:

- Ideen er alltid å utvikle spelarar til å bli gode nok for A-laget, men ein må ikkje gløyme at me også er ein viktig utdanningsinstitusjon. Spelarane skal vakse, lære av seg sjølv og bli betre menneske. Dei får ein god moglegheit til å utvikle seg sjølv og kan ta med seg dette vidare. Ein lærer mange gode verktøy som kan brukast i resten av arbeidslivet. Dette bør vere utgangspunktet for det me driv med, og så kjem det fram talent som er gode nok for A-laget som ein konskvens av dette.

Det er kjekt at Anders er tilbake i klubben, og me gler oss til å samarbeide i åra som kjem!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: