Andreas har forlenga!

Sogndal Fotball og Andreas van der Spa har signert ny avtale

Sogndal Fotball og Andreas van der Spa er samde om å forlenga samarbeidet. Den nye avtalen går fram til 1/8 2025.

Den høgreiste midtstopparen kom til Sogndal frå Øygarden i september 2020, og var på utlån til Arendal i fjor. I vinter var han tilbake i Saftbygda, og han har gjort ein stor innsats etter tilbakekomsten.

- Andreas har imponert gjennom forsesong og i seriespelet i år, seier Håvard Flo.

Van der Spa er ein spelar som gir alt, som heller ikkje er redd for å ta på seg ansvar.

- Han har vist ein flott stabilitet og har levert solide prestasjonar som blir lagt merke til, seier Flo.

Andreas er veldig glad for å ha forlenga kontrakten.

- Det var godt å få dette gjort, slik at eg no kan ha fullt fokus på fotball framover. Denne avtalen gir meg tryggleik, det er godt å vera i ein klubb som har trua på meg, seier Andreas.

- Spa kjem tilbake frå lån med sjølvtillit etter ein flott sesong i Arendal. Han utvikla seg flott der, og kombinert med den jobben teamet til Tore André Flo har lagt i guten, ser me at me har ein veldig god spelar, seier Flo.

- Eg har satt veldig pris på returen til Sogndal. Her får ein lov til å vera seg sjøl, og ein kan prøve og feile. Dette får ein sjølvtillit av, Sogndal er ein god plass å vera på for vidare utvikling, eg gler meg, seier Andreas.

- Me er veldig stolte over å ha forlenga med Andreas, og me ser fram til vidare utvikling og eit godt samarbeid, avsluttar Flo.

Me gler oss til fine år i lag med Andreas!

Annonse fra Obos-ligaen: