Andreas Hoven klar for Sogndal

Rask og spennande midtbanespelar frå Strømsgodset

Strømsgodset IF og Sogndal Fotball er samde om ein overgang for Andreas Hoven, f. 20/2 1998.

Sogndal Fotball og Andreas Hoven har signert ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2021. Midtbanespelaren er på plass i bygda og har hatt sin første treningsøkt med sine nye lagkameratar.

Andreas gler seg til å ta fatt her i Sogndal
Andreas gler seg til å ta fatt her i Sogndal

- Andreas er ein veldig spennande spelar som vil passa godt inn her hjå oss, seier ein veldig nøgd trenar Eirik Bakke om signeringa.

- Det er voldsomt kjekt at me kan henta ein slik spelar til Sogndal, han vil bli viktig for oss framover, held Bakke fram.

- Han er ein rask og sterk spelar som er henta som erstattar for Ole Amund Sveen, seier Bakke.

Andreas er ein kar som har gått gradene i Strømsgodset etter at han kom dit frå moderklubben Konnerud IL som 14-åring. Han fekk debut med eit innhopp i Eliteserien i 2016, og har spelt åtte kampar for Drammens-laget.

I 2018 var han på utlån til Notodden, der han spelte 15 kampar, og i vårsesongen var han på lån til Nest/Sotra, der han står bokført med 9 kampar.

Andreas er óg landslagsspelar, og står so langt med 18 kampar med flagget på brystet. For tida er han på U21-landslaget.

- Eg er ein blid, utadvendt og snill person, seier nysigneringa om seg sjølv.

Andreas kjem frå ein idrettsfamilie, der både mor og far var solide på friidrettsbana. Mora har kongepokal og var i Europa-toppen i hekkeløp. Systera til Andreas gjorde seg óg bemerka i friidrettsmiljøet, medan bror Kristoffer no spelar i Kristiansund. Andreas sjølv var innom både alpint, turn og friidrett i barneåra.

(Saka held fram under bildet)

1U3A0551
I aksjon på dagens økt

Konnerudguten ser fram til tida her i Sogndal.

- Eg ville ha litt nye impulser, og føler at Sogndal er rett steg for meg no. Eg hadde ein god prat med Eirik Bakke og har so langt fått eit veldig positivt inntrykk av klubben og folka.

Andreas er ein kar som likar å vera i aktivitet, og han kjem til å ta litt fag på Høgskulen.

- Skulemiljøet her var ein faktor som spelte inn, og eg er óg glad i fysisk aktivitet utanom fotballen.

Men mest fokus blir det på fotballen.

- Målet no er å få mest mogleg med speletid, slik at eg kan få vera med og styra kampar, få litt mål og assists. På lengre sikt håpar eg å få sjansen i ein liga der ute.

Me gler oss til å ha denne kjekke karen hjå hos dei neste 2,5 åra! Velkomen til Sogndal, Andreas!

Annonse fra Obos-ligaen: