Andreas Kalstad går permanent til Notodden

Sogndal Fotball og Notodden Fotball er einig om ein permanent overgang for Andreas Kalstad. Midtbanespelaren har signert ein 2-års kontrakt med Notodden og er klar for neste steg i karrieren. 

Andreas Kalstad (f. 2006) er oppvaksen i Gaupne og har Bjørn IL som moderklubb. Han kom tidleg inn i Sogndal Fotball sin utviklingsavdeling, tok stega gjennom klubben og arbeidde seg fram til A-lagstroppen. I august 2024 signerte han sin første proffkontrakt med klubben. 

– Andreas har hatt ei fin utvikling hjå oss og har jobba seg opp gjennom systemet i Sogndal Fotball, men det siste steget for regelmessig speletid har latt vente på seg. Difor vel han no å ta moglegheita i Notodden for vidare utvikling, seier hovudtrenar Luis Pimenta.

Pimenta legg til.

– Kalstad er ein spelar med eit godt venstrebein og ein allereie solid fysikk. Han er alltid motivert og fokusert, og det blir spennande å følgje reise vidare.

Me vil takke Notodden Fotball for eit fint samarbeid, og me er viss på at Andreas kjem til ein flott klubb og utviklingsarena. 

Sogndal Fotball takkar Andreas for tida i klubben og ønskjer han lukke til vidare i Notodden! 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: