Anlegget på Kvåle vert stengt

Det er observert klyngetrening langt utanfor det tilrådde antalet.

Sogndal Fotball har den siste tida fått mange bekymringsmeldingar for bruken av Kvåle stadion. Det er observert klyngetrening langt utanfor det tilrådde antalet. Dette talet har auka monaleg dei siste to dagane.

- Me gjekk i førre veke ut i media og henstilte folk om å respektera retningslinene gitt av Folkehelseinstituttet og regjeringen. Denne henstillinga har diverre ikkje virka og me ser oss då nøydde til å stenga anlegget for all aktivitet med umiddelbar verknad, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Rasmus Mo.

Retningslinene for klyngeaktivitet vart under regjeringens pressekonferanse tysdag, utvida til 13. april.

Annonse fra Obos-ligaen: