
Ard Ragnar Sundal har skrive proffkontrakt!
Keeperen frå Jølster blir ein fast del av keeperteamet på A-laget! A-laget
Sogndal Fotball og Ard Ragnar Sundal, f. 3. desember 2007, er samde om ein avtale som strekkjer seg ut 2027-sesongen.
Ard Ragnar Sundal kjem frå Jølster og er ein talentfull keeper som har vore i klubben sidan han meldte overgang i august i fjor. Allereie i byrjinga av 2023 vart han ein del av Nasjonal G17 som hospitant frå moderklubben Jølster. Seinare fekk han kampar for både NG17 og NG19, og etter overgangen har han vore Sogndal 2 sin fremste keeper.
I løpet av tida i Sogndal har han også vore mykje saman med A-laget, og før årets sesong var han ein del av troppen som reiste på treningsleir. Saman med Lars Jendal og Daniel Gjerde Sætren har han vore eit viktig tilskot til keeperteamet, og han kom også inn på B-lista hausten 2024. Førebels har han ingen offisielle kampar for A-laget, men han har allereie mykje erfaring med å vere med i kamptroppen, og er ein etablert del av gruppa.
-2.jpg)
- Det føles kjempebra. Det er noko eg har drømt om sidan eg var liten, så det er stort. Det er mykje hardt og målretta arbeid som ligg bak, så det er kjekt, fortalde Ard etter at kontrakten var signert.
Han byrja karriera si i barndomsklubben Jølster, og fortel at han ikkje alltid har tatt plass mellom stengene. Men når han fyrst fann ut at det var keeper han ville bli var det ingen tvil, og han fekk tidleg debuten for Jølster sitt A-lag:
- Eg byrja med å vere litt overalt på bana, men til slutt enda eg opp som keeper. Eg synst det var kjekt, og då jobba eg med å bli god i det. Så spelte eg nesten med A-laget før eg fekk spelt på gutelaget, og debuten kom i ein kamp borte mot Førde 2 når eg var 14 år.
Vårt nasjonale G17-lag består av spelarar både frå Sogndal og frå andre klubbar i fylket. I 2023 var Ard med som hospitant og fekk trene og spele kampar for Sogndal, samtidig som at han kunne stå i mål for Jølster sitt A-lag. Året etter vart han også med NG19, og vart godt kjend med det som er same spelargruppe som Sogndal 2.
- Det var kjekt å få vere med på dei nasjonale laga. Eg hadde ikkje trudd at eg fekk vera med sidan eg ikkje var med på kretslaget, men så fekk eg vere med på ei storsamling med NG17 og var på treningar og kampar med dei.

Ard Ragnar Sundal for NG19 i sigeren mot Brann tidlegare i år!
Martin Salbu

Ard Ragnar Sundal for NG19 i sigeren mot Brann tidlegare i år!
Martin Salbu
Allereie i fjor vinter fekk Ard prøve seg på trening med A-laget, og i skadefråværet av Daniel Sætren vart han ein midlertidig del av keepergruppa. Etter overgangen har han vore ein endå større del av teamet, og saman med Lars Jendal og Daniel Sætren har han utgjort ein trio på treningsfeltet. Han fortel at han var nervøs i byrjinga, men at keepertrenar Geir Stenehjem er flink til å gjer fotballen kjekk:
- Eg var kjempenervøs sjølvsagt, men det var veldig kjekt også. Geir [Stenehjem] har veldig kjekke økter, og det er viktig at fotball skal vere kjekt også. Geir er veldig utviklingsorientert og dyktig. Han veit kva han skal seie og kva som fungerer for oss keeperane.
Keepertrenar Geir Stenehjem fortel:
- Ard er ein veldig blid gut som er positiv og treningsvillig. Han leverer gode prestasjonar på trening og det er berre positive ting å seie om han. I fjor var han med sporadisk, og gjennom vinteren fekk me blitt meir og meir kjend med han. Når Daniel vart skada etter kampen mot AAFK har Ard vore med fast på trening og på benken i OBOS-ligaen. Han har gjort jobben sin, som gjer at han no får kontrakt og blir eit fast medlem av A-laget, samtidig som at det er no den verkelege jobben byrjar, fortel han.
Me gratulerer Ard med ein vel fortent proffkontrakt, og ønskjer han masse lukke til med den vidare utviklinga i klubben!
STAO NO PAO!