Årets fyrste tap kom mot Bryne

Bryne scora etter 1 minutt og holdt på leiinga heile kampen

I runde 5 kom årets fyrste tap i OBOS-ligaen. Bryne scora etter 1 minutt spelt, og ingen av laga klarte å få ballen i mål etter det. Dermed enda det med 1-0-tap på Bryne stadion.

Etter 30 sekund fekk Bryne eit frispark på venstrekanten. Det vart lempa inn i boksen og heada ut ned i boksen. Tre blokkeringar og fullt kaos seinare hamna ballen i beina på Christian Landu Landu som satte den i mål. Dårleg start på ein vanskeleg kamp.

Det kom ikkje fleire mål i kampen, og me fekk ikkje ting til å stemme i dag. Dei forsøka som kom vart diverre for enkle for Brynekeeper Anton Cajtoft. Bakerst hjå oss stod Lars Jendal i mot dei sjansane Bryne kom til. No gjeld det å nullstille raskt, og kome seg med flyet heim til Sogndal. På onsdag skal me slå tilbake når me får besøk av KFUM Oslo i cupen!

PS: I morgon klokka 20:00 kan du sjå Sogndal 2 mot Førde 2 på Fosshaugadn Campus

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: