Årets Lerum Cup er avlyst

Coronapandemien fører til at den tradisjonsrike turneringa må utgå

Laurdag holdt kultur- og likestillingsminister Abid Raja pressekonferanse for å presentera dei nye reglane for arrangement  for sommaren 2020. Det vart då opplyst om at arrangement som samlar fleire enn 500 mennesker ikkje kan avholdast før etter 1. september. Dette med bakgrunn i den pågåande coronapandemien.

Sogndal Fotball må difor med stor skuffelse avlysa årets Lerum Cup.

Lerum Cup har vakse fram som ei av dei største fotballturneringane på Vestlandet, med deltakarar frå både aust og vest i landet. Kvart år sidan 1989 har me arrangert cupen i slutten av juni, men i år blir det altså ikkje.

Me er veldig leie for dette, og gler oss til neste år til at årets vakraste fotballeventyr atter ein gong kan arrangerast her i Sogn.

 

Annonse fra Obos-ligaen: