Årets Lerum Cup er avlyst

Korona-pandemien stoppar årets cup

Det er med tungt hjarte me i dag har bestemt at Lerum Cup 2021 må avlysast.

Dette er ei turnering som er eit høgdepunkt for barn, unge og føresette som likar fotball. Det er helga då fotballglade møtest på Hafslo, Kaupanger og i Sogndal for å spela kampar med Fair Play i høgsete.

Det er óg helga då næringslivet sler på stortromma og pyntar sentrum.

Men, som i fjor, so set den pågåande pandemien ein stoppar for cupen også i år. Regjeringa har delt inn gjennåpninga av samfunnet i fire trinn. Slik ståda er no, vil ikkje fase tre og fire kome tidsnok for gjennomføring av fotballturneringa. Dette handlar om aktiviteten, men og om overnatting og bespisning.

Klubben jobbar no med å gjennomføra ei mindre turnering tidleg haust og vil koma attende med når dette kan late seg gjere

Me har alt no sett datoane for Lerum Cup 2022: Det vert innsjekk torsdag 23.juni med cupspel 24.-26. Då skal me arrangera Lerum Cup i ny drakt med mykje spennande. Det gledar me oss storveges til.

Annonse fra Obos-ligaen: