Årøy forlenger med Sogndal: – Godt å vera tilbake for fullt

Ein ekte sogndøl forlenger kontrakta.

Sogndal Fotball og Marius Årøy (21) er samde om ein forlenga avtale som strekkjer seg ut 2028-sesongen.

– Som lokal gut er eg utruleg stolt, og ikkje minst glad, for å få halda fram saman med den fine gjengen me er i Sogndal, seier Marius.

Foto: Martin Salbu
Foto: Martin Salbu

– Eg kjenner òg på at eg får gje noko tilbake til dei som har pusha meg og vore der for meg kvar dag gjennom heile fjoråret. Eg fekk møta opp og vera med laget, og det hjelpte mykje. Det blir fint å halda fram vegen saman med desse fine folka, seier Marius.

Sjukdom

2025 vart eit spesielt år for den unge midtbanespelaren.

I april i skreiv Marius under på sin første proffkontrakt med Sogndal, etter å ha gått gradene gjennom aldersbestemte lag og utviklingsavdelinga vår. Han var ein del av B-lista i fleire sesongar, og difor tett på A laget, samstundes som han var kaptein for Sogndal 2/G19. I april i fjor fekk han endeleg proffkontrakta han hadde jobba for.

Men så, knappe to månader etter oppturen, kom marerittbeskjeden.

Marius er ein spelar som elskar Sogndal Fotball av heile sitt hjarte, og som alltid er klar til å gjere det beste for klubben.

— Luis Pimenta, hovudtrenar

21. mai 2025 fekk Marius diagnosen frå legen på Haukeland: lymfekreft.

Både Sogn Avis, NRK og TV 2 har skrive om saka.

Gjennom våren og sommaren i fjor gjekk Marius gjennom behandling. Samstundes møtte han opp på feltet, nokre gonger for å trena, andre gonger for å berre vera der saman med lagkameratane.

Brasse på Campus

I midten av august vart han ferdig med behandlinga. Sidan den gong har det handla om å få kroppen i gang att og trena seg opp.

– No er kroppen fin, så det ser bra ut. Det er veldig godt å vera tilbake for fullt, seier Årøy.

Kvar tredje månad er han i Bergen til kontroll. Elles er livet tilbake til det normale.

– Sjukdommen var noko eg aldri hadde opplevd før, så det var nytt. Både litt spennande og tøft. Samstundes hadde eg fine folk rundt meg heile vegen, og det har betydd enormt mykje, seier han.

Årøy debuterte på A-laget til Sogndal i 2022. No er målet å gradvis få fleire og fleire minutt i OBOS-ligaen.

– Og så er målet å skåra brassespark på Campus, seier han og ler.

Elskar klubben

Hovudtrenar Luis Pimenta trekk fram haldningane til Årøy som ein viktig grunn til at klubben ønskjer å satse vidare på midtbanespelaren.

– Marius er ein spelar som elskar Sogndal Fotball av heile sitt hjarte, og som alltid er klar til å gjere det beste for klubben – i kvar pasning, i kvar takling og i kvar morosam kommentar i garderoben, seier hovudtrenaren.

– Han jobbar hardt kvar dag, og har klart ei sterk opphenting i forma si etter eit utfordrande år i 2025. No er han fysisk klar til å kjempe om speletid, og bidra for laget med si smarte speleforståing og tekniske kvalitet. Me har tru på potensialet og utviklinga hans, og skal hjelpe han til å ta neste steg, seier Pimenta.

Kjekt med lokal gut

Kontrakta til Årøy gjekk opphavleg ut etter 2026-sesongen. No er han forlenga med to år. Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk, er glad for å ha med ein lokal gut vidare.

– Marius har hatt ei veldig fin utvikling dei siste åra. Han gjekk gjennom ein vanskeleg periode med sjukdom i fjor, men han har takla det på ein fantastisk måte. Marius er òg ein veldig fin gut, som bidreg med mykje positivt i garderoben og miljøet vårt, seier Flo.

– Det er spesielt kjekt at dette er ein lokal gut frå vår eigen klubb, som har blitt profesjonell og får leva draumen. For oss som klubb er det utruleg viktig å ha denne lokale tilknytinga, legg Flo til.

Me gratulerer Marius med forlengja kontrakt, og gler oss til å følgje utviklinga hans vidare.

Annonse fra Obos-ligaen: