Årsmøte i Sogndal Fotball
Sogndal Fotball gjennomførte årsmøte 10. mars med rundt 50 frammøtte. Årsmøtet fekk presentert eit positivt økonomisk resultat for 2025, og vedtok samrøystes styre for ny periode.
Dirigent Arve Helle leia årsmøtet på stødig vis gjennom dei ordinære årsmøtesakene.
Rekneskapen for 2025 vart presentert av konstituert dagleg leiar Ingrid Narum. Resultatet viser eit overskot på 1,5 millionar kroner – over seks millionar kroner betre enn budsjettert.
Årsmøtet handsama også fleire saker frå styret og innkomne forslag. Det vart gode diskusjonar rundt sakene før vedtaka vart fatta.
Jan Rune Årøy vart valt for eitt nytt år som styreleiar, og årsmøtet vedtok samrøystes styre og kontrollutval for ny periode i tråd med innstillinga frå valkomiteen.
Heile protokollen frå årsmøtet kan lesast her: Årsmøteprotokoll 2026
Foto: Endre Romøren