
Årsmøtedokument 2025
Her er årsmøtedokumenta før årsmøtet 29. april 2025!
Årsmøtet i Sogndal Idrettslag Fotball blir halde tysdag 29. april kl. 18:00. Møtet vert halde i Storlosjen, rom 02-02, på Fosshaugane Campus. Rommet ligg i 2. etasje i Sognekraftgata.
Her kjem dei aktuelle årsmøtedokumenta. Årsrekneskapen, årsmeldinga og budsjett for 2025 kan lastast ned ved å trykke på lenkjene under. Sakslista finn ein under § 11 Årsmøtes gang i Lov for Sogndal Fotball.
Årsmøtet er ope for alle, men berre medlemmar i Sogndal Idrettslag Fotball har røyste- og talerett. For å ha røysterett på årsmøtet må eit medlem fylle minimum 15 år i løpet av 2025, ha vore medlem i minst 1 månad, og ikkje skulde laget kontingent. Det blir medlemskontroll på årsmøtet, og me oppmodar difor alle om å møte i god tid før årsmøtet byrjar. Velkommen!
STAO NO PAO!