Åtte tunge minutt
Sogndal tapte 2–3 mot Bryne i fredagens treningskamp. A-laget
Sogndal opna sterkt og tok fortent leiinga ved Oliver Hintsa etter eit kvarter.
Etter skåringa tok Bryne meir og meir over kampen. Først utlikna Moreira, så auka Hay og Lye til 1–2 og 1–3 kort tid etter. To av tre baklengs kom etter dødball.
– Det starta jo bra. Me fekk køyrt Bryne litt i starten der, og fekk oss eit mål. Me held fram etter det, men så dett me ut av det og får tre mål imot før pause. Det er ikkje så bra, men me køyrer på inn i andre omgang, seier Even Hovland, dagens kaptein.
For etter kvilen var Sogndal betre med i kampen. Utover i omgangen tok me meir og meir initiativ. Reduseringa til Sebastian Pedersen var fullt fortent. Skåringa kom etter eit godt innlegg frå innbyttar Elias Flo.
– Me får heldigvis den skåringa så me vinn andre omgang 1–0 i alle fall. No må me heim og sjå på film og finne ut kva me skal gjere betre i neste kamp, seier Hovland.
Kampfakta:
Sogndal – Bryne 2–3 (1–3)
Åsane Arena
Mål: 1–0 Oliver Hintsa (15.), 1–1 Moreira (33.), 1–2 Hay (38.), 1–3 Lye (40.), 2–3 Sebastian Pedersen (87.)
Laget: Lars Jendal – Diogo Bras, Martin Høyland, Even Hovland, Atli Barkarson – Toumas Pippola, Kasper Skaanes, Lukas Vapne, Fabio Sturgeon – Onni Helen, Oliver Hintsa.
Innbyttarar: Daniel Sætren, Emil Hillestad, Preben Asp, Sebastian Pedersen, Marius Årøy, Vegard Hagen, Elias Flo.