Avslutning for Sogndal United!

Årets sesong vart avslutta med fest og premieutdeling!

I går hadde Sogndal United avslutningsfest for å markere at fotballsesongen snart er over. Det vart god stemning med mat og drikke, videoar og prisutdeling. A-lagsspelarane Joakim Nundal, Mathias Øren og Kristoffer Steinset og Sogndal FK-spelarane Mia Eriksen og Julie Slattum Pettersen var også med på festen!

I år har det vore Marianne Larsen og Endre Kupen som har hatt hovudansvaret for Sogndal United. Det har vore eit år med stor aktivitet og spelartroppen har auka frå 3 til 13 spelarar grunna ein fantastisk jobb frå begge to. Treningar kvar veke, sosiale samlingar og ikkje minst landsturneringa i Bodø har vore med å fylle sesongen med gode minner. Diverre er det no klart at både Marianne og Endre gir seg som trenarar neste sesong, men erstattarane Mia Eriksen og Julie Slattum Pettersen er allereie klare for innsats!

Avslutningsfest er ein flott anledning til å sjå tilbake på minna frå sesongen som har vore. Som nemnd har det vore eit år med mykje aktivitet og landsturneringa i Bodø står igjen som eit høgdepunkt. Under kan ein sjå ein video med bilete og videoar frå sesongen til Sogndal United og video frå den gongen Rasmus Mo besøkte dei på trening:



Mot slutten av kvelden var det også klart for prisutdeling! Samtlege spelarar fekk kvar sin personlege pris og ei lita gåve frå trenarane. Mathias Øren, Joakim Nundal, Kristoffer Steinset og dei nye trenarane Mia Eriksen og Julie Slattum Pettersen stod for utdelinga! Dette var stor stas! Sjå alle prisane i biletgalleriet under!

Kvelden vart ein stor suksess og ei flott avslutning på sesongen. Sogndal United er allikevel ikkje heilt ferdige for i år, og har ei trening igjen før dei tar juleferie. I 2025 er det klart for nye treningar og kampar, og landsturneringa 2025 i Bergen blir nok ein gong eit høgdepunkt! Sjå fleire bilete frå avslutninga nederst i saka!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: