Avsluttar samarbeidet

Fofana reiser heim til familien

Mohamed Didé Fofana og Sogndal Fotball er samde om å avslutta samarbeidet frå og med 1. februar 2020.

Didé kom til Sogndal i august 2017. Han vart sett på som ein veldig lovande midtbanespelar, og var sentral på U20-landslaget til Guinea, som spelte både U20 VM og Afrikameisterskapet for U20-landslag dette året.

- Didé er ein eksemplarisk gut som har vore nokså uheldig med tanke på skadar og har difor diverre fått alt for lite speletid her hjå oss. Dette er ein gut me er blitt veldig glade i, og det er ikkje lett for nokre av partane at me no vel å avslutta samarbeidet, seier Håvard Flo.

Didé reiser no heim til familien i Paris.

I fjor var han på eit positivt utlån til Vikingur Reykjavik på Island.

Me takkar for ein fin tid i lag ynskjer Didé mykje lukke til vidare.

Annonse fra Obos-ligaen: